Det var vel ikkje noko stor overrasking av Kilian Jornet gjekk til topp under lørdagens randoneecup på Kårvatn i Todalen. Han vann med bestetida 1:16:56, og kom i mål 10 minutt før Håkon Klerud Johannesen som vart nr 2.

Mest gledeleg vart det at junioren Sondre Andersson  Svensli frå Eidsvåg får det til å fungere igjen etter sjukdomsavbrekket. Sondre er teken ut til VM, og var i dag veldig glad for at kroppen no endeleg fungerer igjen. Han gjekk inn på tida 1:14:47, men som junior hadde han ei sløyfe mindre til Tydalsnebba enn deltakarane i seniorklassen.

- Det var godt å kjenne at kroppen fungerte. Starta ut litt forsiktig, men fekk opp pulsen og kunne berre "gi på" oppover lia, sa Sondre etter løpet.

- No gler eg meg til VM, og er i kjempegod form no - føler at eg har noko der å gjera der!

I dameklassen var det Emilie Forsberg som gjekk til topp på 1.16.56. Ho kom i mål på 1:57 i betre tid enn Ida Nilsson, som også representerte Fjällframfart SK. På tredjeplass kom Ingrid Stengård frå Trondheim Randoneeklubb 1:21 etter Forsberg.

Vidare var det 5 deltakarar i trimklassen - der 3 av dei 5 var lokale kjendisar.

- Veldig artig at vi etter kvart får med lokale løparar, seier rennleiar Nils Ove Bruset.

Arrangøren fekk mykje skryt for arrangementet. Teknisk delegert frå Skiforbundet, Jorid Bjerkeset, var veldig godt nøgd med arrangementet. Og godt nøgd var også løparane - Ola Hovdenak tykte det var ei krevjande og artig løype, og sa at det var lett å sjå att løypemannskapet har lagt ned mykje arbeid i forkant av løpet og det applauderte også resten av løparane under premieutdelinga.