Det var vel ikkje uventa at også søndag vart Kilian Jornets dag i Dalalia på Kårvatn. Sjølv om Håkon K. Johannesen var raskast ut frå stadion, så var Kilian ganske raskt i tet og berre auka på etter kvart.  Kilian var først på toppen (909 m), 3:16 føre Ola Hovdenak og 4:48 føre Håkon Klerud Johannesen.

I dameklassen var Emilie Forsberg som fekk beste tid, men ho fekk konkurranse heilt til målstreken av klubbvenninna  Ida Nilsson med differanse på fattige 4 sekund. På tredje kom Ingrid Stengård 3:00 etter Forsberg.

I juniorklassen var Sondre A. Svensli frå Eidsvåg åleine. Han kom i mål på 36:26, og bruka altså knappe 6 minutt lengre tid enn Kilian Jornet.  Sondre var godt nøgd både med resultatet og forma, og ga klart uttrykk for at han no er klar for å dra til utlandet og kjempe om VM-medalje.

I trimklassen var det 7 deltakarar som stilte på startstreken på stadion ved Dalahaugen. Startpunktet ligg på overkant av 200 m.o.h. og målpunktet litt altså på høgde 909.

Dermed er Todalen idrettslag vel i hamn med årets randoneecup. Men lagets kviler ikkje på sine laurbær, for no er alt planlegginga av neste års NorgesCup i gang, fortel Nils Ove Bruset som har vore rennleiar i fleire år.

Desse starta i trimklassen: Svein Håvard Brøndbo, Todalen IL - Knut Skarland, IL Hållingen - Ingrid Skarland, IL Hållingen - Astrid Kvendset, Todalen IL - Emil H. Ansnes, Todalen IL - Tore Korsnes, Surnadal IL og Eivind Bolme, Todalen IL.