Sunndal IL Fotball inviterte til fotballfest og Hydro Cup i helga, og fleire lokale lag markerte seg positivt reint sportsleg. Sjølv om det ikkje vart lokale vinnarar i ungdomsklassane, tok fire lag frå Sunndal og Surnadal medalje.

Finaletap med minimal margin

Av dei fire var Sunndal G16 1 aller nærast gull. Sunndalingane tok leiinga 1-0 ved Erik Børset allereie etter 40 sekund, etter eit flott raid og innlegg av høgrekant Martin Haugen. Like etter kunne det stått 2-0, men Grunde Hanssen si avslutning traff ein Træff-spelar og gjekk ut til hjørnespark. I staden kjempa Træff seg inn i kampen etter Sunndal si pangåpning, og fem minutt før pause utlikna dei på direkte frispark. Dermed stod det 1-1 til pause, og det var duka for ein spennande andre omgang.

Då det var spelt 53 av 60 minutt kontra Træff inn 2-1, utan at Sunndal ga opp av den grunn. Berre to minutt etter utlikna Grunde Hanssen til 2-2 etter nytt, godt forarbeid av Martin Haugen.

Fleire mål vart det ikkje, og heller ikkje to gonger fem minutt med sudden death – første målet vinn – hjalp for å skilje dei to laga. Dermed vart laget som fekk flest hjørnespark i løpet av kampen utropt til vinnarar. Her hadde Træff tre mot Sunndal sine to, etter at romsdalingane spelte seg til ein corner i første ekstraomgang. Dermed vart det finaletap med minste mulege margin for Ole Sveen sine gutar.

- Veldig fornøgd med sølv

Trenar Sveen roste spelarane sine etter andreplassen.

- Det å ta sølv her, og være så nær seieren, er over all forventning i forhold til det vi har prestert i serien så langt, så vi er veldig fornøgde, seier den tidlegare Sunndal-kjempen. Han fortel at laget i løpet av Hydro Cup har spelt veldig bra i kampane mot dei beste laga, men vore litt slappare mot svakare motstand.

At det at Træff hadde eitt fattig hjørnespark meir enn Sunndal vart utslagsgjevande, tek Sveen og laget med fatning.

- Det hadde vore minst like surt å tape på straffesparkkonkurranse eller på å sleppe inn mål heilt på slutten, og vi visste jo at reglane var slik. Vi kunne like godt skaffa oss hjørnespark vi som Træff, så slik er det berre. Gutane sin prestasjon er uansett kjempegod, seier Sveen.

Sikra Sunndal sølv

Sunndal G14 1 spelte og finale mot Træff 1 på Sande søndag. Her gjekk Træff ut i hundre frå start, og gjekk opp til 3-0 i løpet av dei første få minutta. Deretter jamna kampen seg litt ut, og Sunndal reduserte, slik at det stod 3-1 til Træff ved pause. I starten av andre omgang pressa raudtrøyene på for ei ny redusering, som ville gjeve fornya spenning i kampen, men i staden var det gjestane frå Molde som fekk uttelling. Kampen enda 5-1 til Træff, men andreplass av 15 påmeldte lag i klassa let seg absolutt høyre.

Bronse til to jentelag

Det vart og lokale medaljar i to av jenteklassane søndag. I J16-klassa var Sunndal berre dårlegare målforskjell enn Clausenengen frå å komme heilt til finalen, men dei fekk eit solid plaster på såret då dei vann bronsefinalen mot Aksla på flest hjørnespark etter at laga spelte 2-2. J16-klassa vart vunne av Langfjorden/Isfjorden, som slo Clausenengen 3-0 i finalen.

Som Sunndal J16 var og Surnadal J14 berre dårlegare målforskjell enn gruppevinnaren unna finaleplass, etter tre seirar og eitt tap laurdag. Laget vann J13-klassa i Hydro Cup i fjor, og sikra seg medalje i år igjen då Molde vart slått 5-0 i bronsefinalen søndag. Det var trøndersk seier i J14-klassa, etter at Trond slo sunnmøringane i Aksla 2-1 i finalen.

- Ei kjempebra helg

Styreleiar Gunnar Furu i Sunndal Fotball var strålande fornøgd med gjennomføringa av årets Hydro Cup:

- Ting har fungert veldig godt, og så har vi jo vore så heldige med vêret, så eg trur folk er veldig fornøgde med turneringa, seier han, og legg til:

- Det har rett og slett vore ei kjempebra helg.

FINALEKAMPAR HYDRO CUP 2017:

Start Bane Klasse

09.00 Sande 2 G13 Bronsefinale Molde FK Strindheim 5 - 2

10.00 Sande 2 G13 Finale Aksla IL Molde FK 4 - 1

13.00 Sande 2 G14 Bronsefinale Valder IL Utleira 1 3 - 1

14.00 Sande 2 G14 Finale Træff 1 Sunndal 1 5 - 1

11.10 1-Sande 1 G15/16 Bronsefinale Hjelset Kleive Clausenengen Fk 4 - 0

13.55 1-Sande 1 G15/16 Finale Sunndal 1 Træff 1 2 - 2 Træff vinner

13.30 KGB 1 J13/14 7er Bronsefinale Gossen 1 Brattvåg 7 - 1

14.15 KGB 1 J13/14 7er Finale Clausenengen Fk Rival 2 - 6

11.00 Sande 2 J13/14 9er Bronsefinale Surnadal IL Molde FK 5 - 0

12.00 Sande 2 J13/14 9er Finale Aksla IL Trond IL 1 - 2

09.30 1-Sande 1 J15/16 11er Bronsefinale Aksla IL Sunndal 1 2 - 2 Sunndal vinner

12.40 1-Sande 1 J15/16 11er Finale Langfjord/Isfjorden 1 Clausenengen Fk 1 3 - 0