Surnadal/Søya/Todalen vann søndagens viktige sluttspelkamp på Syltøran 4-0 mot Molde 2. Målskårar for heimelaget var Thea Holten (2), Veronica Aasgard og Alice Naustbakk. Da dommaren bles av første omgang sto det 1-0 til heimelaget. Med søndagens seier er Surnadal/Søya/Todalen avdelingsvinnar for Nordmøre og Romsdal.

Søndag 22. oktober skal laget spele første opprykkskamp mot Hødd. Den siste og avgjerande kampen skal spelast  på Syltøran 29. oktober.

- Er stolt av jentene

Heid Snekvik har vore lagleiar for damelaget sidan dei dro i gang igjen damefotballen i Surnadal for tre år sidan. Det har vore ei eventyrleg reise å vere med på.

– Eg er stolt av jentene. Det er berre så synd at eg ikkje fekk vere til stades på søndagens kamp. Er i Oslo på jobb for Talgø.

God sesong

Snekvik seier laget har utvikla seg voldsomt i løpet av dei tre åra dei har vore i gong.

– Vi rota oss litt vekk forrige helg i kampen mot CFK, men kan sjå tilbake på ein god sesong.  Når ein dreg i gong satsing på eit damelag frå null, vil det alltid vere spennande å sjå korleis ein klarer seg. Generelt er det slik i damefotballen at det kan vere vanskeleg å behalde spelarane etter at dei er ferdige med vidaregåande. Da er det mange som flyttar for å videreutdanne seg. Slik er det også i Surnadal. Vi har eit veldig ungt lag. Rundt 80 prosent av damespelarane er i junioralder. Vi er avhengige av å vere gode over tid også for å få behalde spelarar. Vi klarte nesten opprykk i fjor. Når vi ikkje klarte det forsvann det forståeleg nok spelarar som hadde lyst til å prøve seg i ein høgare divisjon. No har vi sjansen på nytt. Målsettinga spelarar og støtteapparat satte i fellesskap før årets sesong var opprykk.  Denne gongen har eg stor tru på at vi skal klare det, seier Heid Snekvik.

Stor entusiasme

Lagleiaren er glad for  den store lokale støtten laget har.

– Det er stor interesse og entusiasme rundt damefotballen. Det er viktig med eit godt damelag som er med på å skape entusiasme og rekruttering for dei yngste jentespelarane både på Surnadal og Søya/Todalen.