26 påmeldte lag, 136 spelarar frå 6 - 8 år frå i alt 8 klubbar.

Surnadal IL arrangerer minicup i Surnadal Idrettshall med fullt kjør frå klokka 11 til 15.

Største spelargruppene hadde arrangør Surnadal med 6 lag og tilreisande Aure med heile 7 lag.

Elles var det lag frå Rindal, Tingvoll, Halsa, Kyrksæterøra, Meldal og Hølonda (Leik).

- Mange av dei yngste spelarane spelar kamp for aller første gong i dag, opplyser arrangementsansvarleg Ståle Sæterbø.

Skjønt han er ikkje åleine om å arrangere. Det krevst ein større stab for å få kampar til å flyte godt, og dei vaksne på banen var der meir som rettleiarar enn som dommarar.

Med så unge spelarar blir det naturleg nok sett mellom fingrane med skritt, spark og tramp. Og "dommarane" fekk god hjelp frå lagleiarar og foreldre på sidelinja som bidrog til opplæring og flyt i kampane.

Elles kan det vere stor skilnad på korte og lange spelarar i den alderen, men det vart vel ikkje sett så nøye på kor mange mål som vart skåra heller.

Og alle som var med fekk pokal og diplom for deltakinga.

Så gjeld det berre å ta vare på unge spelarar opp gjennom årsklassane, slik at dei trivst med å spele handball like opp på seniornivå.