Seire til Kaia Husvik og Erik Kvernberg

Kaia Husvik og Erik Kvernberg vann kvar sin klasse under helgas norgescuprenn i Vardåsen i Asker i helga.

Laget: Sterk innsats av eidsvågingar i Asker: Fremst frå venstre: Kaia Husvik og Rakel Kvernberg Blø. Bakerst frå venstre: Tor-Kjetil Alstad, Erik Kvernberg, Sverre Solstad Alme og Jon Steinar Alme. Foto: privat  Foto: privat

vann: Kaia Husvik vann klasse jenter 15-16 år under laurdagens sprint.  Foto: privat

vann: Erik Kvernberg gjekk til topps i juniorklassen.  Foto: privat

Sport

Heile norgeseliten var på plass i Asker i helga. Laurdag var det sprint med svært god køyring av løparar frå Eidsvåg idrettslag. Kaia Husvik gjekk like godt bort og vann Kl 15-16 jenter. Erik Kvernberg - som kom direkte frå WC i Slovenia - vann menn junior etter ein sterk andreomgang. I samme klasse vart Tor Kjetil Alstad nr 4 og Jon Steinar Alme nr 6. Dette er ein svært jevn klasse. Det skilde ikkje meir enn 1,7 sek mellom Erik og Tor Kjetil.

I damer junior tok Rakel Kvernberg Blø ein 6. plass og Sverre Solstad Alme tok tredjeplassen i klasse G 15-16.

I damer senior vann Guro Helde Kjølset. Sivert Hole frå ÅIF vart nr 3 i seniorklassa.

Søndag var det Paralellsprint. Eidsvågingane fortsette den gode køyringa. Kaia,som kjøyrer fantastisk bra for tida, vann også søndagens konlkurranse. Etter ein fartfylt og spennende semifinale mellom Erik Kvernberg og Tor Kjetil Alstad, der Erik trakk det lengste strået, vart det andreplass på Erik og tredjeplass på Tor Kjetil. Jon Steinar vart nr. 7. I damer junior vartRakel nr 7 og Sverre nr 4 i kl G 15-16.

Guro vann dameklassa og Sivert blei nr 5 H senior.

Støtteaparatet med Eva Solstad Alme i spissen er svert godt nøgd med helgas køyring