Surnadal avslutta sesongen i 3. divisjon avdeling 9 på nedrykksplass, noko som samtidig førte til nedrykk for Eidsvåg i divisjonen under. No kan det sjå ut som om begge laga slepp nedrykk, og at dei får fortsette i same divisjon som i 2012.

Grunnen til dette er at Oslo-laget Frognerparken FK onsdag vedtok på sitt årsmøte at dei ikkje stiller lag i 3. divisjon neste sesong. Denne sesongen vart dei nummer fire i si 3. divisjonsavdeling, men no vel Dan Blekken sin tidlegare klubb, som er ein kameratklubb med om lag 50 medlemmar, altså å avstå frå vidare spel i divisjonen.

Det gjer at det opnar seg ein plass for eitt av laga som opprinneleg hamna under nedrykksstreken. Tidlegare praksis er å gje denne plassen til laget på 12. plass med best poengsnitt, og mellom anna var det dette som redda Larsnes/Gursken i Sunndal og Surnadal si avdeling då dei i utgangspunktet skulle rykkje ned i 2011. Den gongen berga sunnmøringane plassen på at Løv-Ham og Fyllingen slo seg saman til Fyllingsdalen FK.

Allereie ved sesongslutt var det klart at eitt av laga på 12. plass i 3. divisjon ville berge plassen, fordi Skeid 2 må ned til 4. divisjon på grunn av førstelaget sitt nedrykk til 3. divisjon. Den plassen gjekk til Sparta/Bragerøen IL, og sidan Eik-Tønsberg mista sigeren mot Runar på grunn av bruk av spelarar som ikkje var speleberettiga, er Surnadal laget med nest best poengsnitt. Kort sagt betyr det at laget no kan få ein ny sjanse i 3. divisjon, dersom NFF følgjer same praksis som dei har gjort ved tidlegare anledningar.

Dersom Surnadal bergar plassen, vil 14 lag frå Møre og Romsdal vere klare for spel i 3. divisjon 2013, og det kan dermed ligge an til ei rein fylkesavdeling også neste år. Skulle Surnadal halde seg, vil dette og bety at Eidsvåg held seg i 4. divisjon.

Ei endeleg avgjerd i denne saka kan komme allereie neste veke.

Av Øystein Hjelle Bondhus