Isfjorden IL droppar å sende sine påmeldte lag til årets Norway Cup på grunn av den generelle terrortrusselen. I Surnadal IL blir sikkerheita vurdert som god nok. Samme vurdering gjer andre idrettslag i distriktet vårt.

Nærere hundre spelarar frå Surnadal er laurdag på veg til hovudstaden for å delta i landets største fotballturnering. sktresineøndag går dei første kampane i Norway Cup av stabelen, men allereie laurdag tek bortimot 100 SIL-spelarar i alderen 13-19 år turen til Oslo for å førebu seg til turneringa.

- Sidan nyheita vart kjent har Surnadal IL Fotball fortløpande vurdert sikkerheita til spelarane våre, og mellom anna vurdert om vi framleis skulle delta i cupen og eventuelle tiltak som kunne vere aktuelle.

Basert på politiet sine råd på bakgrunn av PST si trusselvurdering, samt signala som har kome frå Norway Cup, har vi konkludert med at vi anser det som trygt å sende laga våre nedover. Det vil til ei kvar tid vere to våkne nattevakter på Skøyenåsen skole. Vi vil og ordne det slik at det er vaksenpersonar frå Surnadal IL på plass på skulen under opningskonserten laurdag kveld, slik at spelarane kan vere der saman med vaksne dersom dei ønskjer det, skriv Surnadal IL på si nettside.