Trio vinner Kleivaprisen

Forfattertrio får prisen for bygdahistorie.
Nye artikler

Torbjørn Polden, Erling Myrbostad og Lars Steinar Ansnes får Kleivaprisen 2016. Prisen får dei for arbeidet med bøkene «Kvenndalen med Kvennbøtæla og Engjamarka, Historia - kulturlandskapet -folket», frå 2010 og «Søyådalsboka»,med undertittelen «Utmarkshistorie frå Eidet» som vart lansert under Vårsøghelga i fjor.

- Kleivaprisen blir i år tildelt for desse bøkene og arbeidet med innsamling av stoff, bilde og intervju, alt dette i Hans Hyldbakk si ånd, seier Surnadal kommune i si grunngjeving.

Det heile starta på ein parkeringsplass inni Kvenndalen ein haustdag i 2007 og i grunngjevinga heiter det vidare:

Den første boka vart ferdig trykt i 2010. Prisvinnarane krumma nakken og gjekk i gang med ei ny bok ikkje lenge etter. Nye timar, mange timar med innsamling av stoff, bilde og intervju, vart bruka, -og- så, kjem skrivinga i tillegg!

Kleivastyret meiner at dette er et viktig og riktig prosjekt, til rett tid. Dette er dokumentasjon frå vår nære fortid. Dei som har opplevd tida og aktivitetane, eller som berre har høyrt historia vorte fortalt, av dei som kom før oss, dei, held på å bli gamle. Skulle stoffet bergast til nye generasjonar, slik at vi ikkje blir historielause i vår eiga tid, var det viktig at ideen vart sett ut i livet.

Det er med andre ord, ei solid dose lokalhistorie i begge bøken.