I frustrasjon over rovdyrsituasjonen posta sauebonde og politikar Nils Fløystad i Tingvoll dette innlegget på Facebook 6. mai:

400 rundballar ønskes donert, pluss 200 til 1. oktober.

Det er fotografert to gauper midt i beiteområdet mitt, samt spor etter ei einsleg gaupe til i beiteområdet, funnet nyleg drepen hjort på innmark og fleire stader i beiteområdet.

I fjøset står 130 sauer med sine lam... Det er situasjonen.

Så kva om nokre av dykk som meiner det er ein ekstra rikdom å ha rovdyr i skogen donerer ein rundball, pluss frakt til meg, så kan eg halde sauane og lamma heime i sommar.

Er ikkje det ei grei ordning? Litt må de yte for den luksusen det er å gå i skog og på fjell med rovdyr. Di kan ikkje forvente at eg skal sponse dykk med 300 000 i utgifter så di får oppleve å gå i natur med rovdyr?

Eller er sanninga at ingen av dykk som vil fylle skog og fjell med rovdyr ønsker å bidra på noko vis? Ja, anna enn å kreve at bøndene skal ta kostnad og belastning med dykkar trong til å føle spenning med å ha rovdyr.

Å stå ved ein av dine drepne dyr er ikkje noko som gjer naturen betre som arena for oppleving. Eg føler ikkje at eg har opplevd noko spennande når eg finn drepne husdyr, eg opplever kun sorg! Er så ein mest mistenker folk for at det er viktigare å påføre dyreeigarar sorg enn å ha vill natur.

Stygt sagt av meg? Nei, eg har aldri sett ein rovdyrelskar bidra med noko for å forhindre dyretragediar. Eg har kun sett at dei har bidrege til å auke problemet! Kva om di hadde bidrege litt økonomisk og praktisk?

Eg er lovpålagd å gå saueoppsyn, minimum ein dag pr. veke. (Vi er fleire som samarbeider, så i praksis er det 2 stk. ute kvar dag)

Det vert 14–16 dagar det, kva om de ofrar sommarferien dykk til å gå saueoppsyn? Følge opp dykkar standpunkt med handling, eller er di ikkje innstilt på å ta ansvar?

Les meir om bakgrunnen for innlegget her:

- Kva skal vi gjere? (+sak)