Ordførar Lilly Gunn Nyheim og varaordførar Helge Røv fremma tilråding til kommunestyret i Surnadal sitt møte den 24.mai om at kommunestyret skulle be rådmannen lage ei utgreiing med tanke på å flytte skuleelevane ved Todalen oppvekstsenter til Stangvik oppvekstsenter. Tilrådinga vart vedteken mot 9 røyster. Eit samla Arbeiderparti stemte altså for dette.

Tidlegare har ordføraren Lilly Gunn Nyheim offentleg uttala at det ikkje skulle bli nokon ny skuledebatt i kommunen i inneverande økonomiplanperiode. Kva har skjedd no da Lilly Gunn Nyeim siden du no likevel vel å legge fram ei slik sak? Og kvifor ser det ut til å hasta så mykje at det er naudsynt med ei saksutgreiing på sommaren?

Eg har ein gut som no går i 6.klasse, og dette er fjerde gongen at han opplever ein skuledebatt der skulen han går og trivst på står i fare for å bli nedlagt. Den andre guten min går i 2.klasse og opplever det same for andre gong. Er det dette den ansvarlege for oppvekstsektoren i kommunen meiner med eit godt læringsmiljø?

Todalen er ei lita bygd med litt over 300 innbyggarar, men med eit rikt, aktivt og skapande næringsliv som sysselsett over 150 personar med fysisk oppmøte i Todalen. Vi har dei seinare åra opplevd stor vekst både innafor landbruket, ved at alle gardsbruka i bygda har utvida prosuksjonsvolumet, samtidig som Talgø har opplevd ein eventyrleg vekst både i produksjonsvolum og talet på tilsette. Kommunen sitt bidrag til denne positive utviklinga ser altså ut til å vere å bygge ned si einaste verksemd i bygda, nemleg oppvekstsenteret. Ser ikkje de Lilly Gunn Nyheim og Helge Røv verdien av den verdiskapninga som skjer i Todalen og som og er eit stort og viktig bidrag til kommuneøkonomien? Hadde det ikkje vore betre at politisk og administrativ leiing hadde teke initiativ til ein dialog med bygdefolket for å høyre kva kommunen kunne ha bidrege med for å vere med på å skape bolyst og framtidstru og dermed auka innbyggartal framfor å drive «destruktiv» grendafientleg politikk som fører til usikkerheit og pessimisme for framtida? Vi er fornøgd med skulen vår, og vi ser ikkje at våre elevar er dårlegare utrusta fagleg sett enn andre i kommunen eller på landsbasis. Er prinsipp viktigare for dykk (ordførar og varaordførar) enn det at ungane og vi foreldre faktisk er godt fornøgd med skulen vi har og den undervisninga ungane våre får? Til opplysning kan det leggast til at under ei skriftleg avrøysting den 30.mai 2018 svara 91 prosent av foreldra at dei ville ha skulen i Todalen. 9 prosent var usikre, men ingen ville legge ned skulen. Dette må vere eit tal som betyr noko sjølv for politisk og administrativ leiing i kommunen.

Det er på tide at både politisk og administrativ leiing legg vekk prinsippa sine og heller begynner å framsnakke kommunale tenester innbyggarane er fornøgd med og såleis heller prøver å bidra til ei positiv utvikling framfor å snakke nedsettande om tilboda og skape frustrasjon og negativitet. Eit sterkt kommunesenter er avhengig av levende grender. Då er ikkje løysinga nedbygging.

Eg skulle ønske at både politisk og administrativ leiing i kommunen i staden for gong på gong å skape usikkerheit og frustrasjon med alle sine framlegg om skulenedlegging heller hadde teke initiativ til å kome i dialog med oss i Todalen og for å høyre kva som skal til for å skape bolyst og vekst i innbyggartalet. Er ordføraren og varaordføraren villige til å ta denne utfordringa?

Todalen 01.06.2018

Bjørn Gunnar Ansnes