Det var til sammen 49 deltakere under Eresfjord Classic laurdag 7.juli. Først opp i år var sykkelisten Trond Are Thrana. Deretter kom Per Einar Strand og Lene Roti på 3.plass.

Eresfjord Classic er eit showritt der målet med konkurransen er å kome først opp. Kvar enkelt deltakar får eit handicap som gjer at dei får starte med eit forsprang på inntil 30 minutter før dei beste «proffsykkelistane», som blant andre Bjørn Tore Hoem.

Det var 13 som sprang, 4 på rulleski, 31 på sykkel og ei på elsykkel. Alle starta på Coop Eresfjord og tok turen opp stigninga til toppen av Vistdalsheia, på Fjellgarden som ligg 500 moh.

Ikkje uventa var Bjørn Tore Hoem den raskaste opp også i år, med tida 19.28 og slo dermed ikkje sin løyperekord på 19.09 frå i fjor. Etter rittet sa han at pusten ikkje føltes som den burde. Kanskje ikkje så rart da han den siste veka har hatt 33 aktive treningstimar på sykkel og lagt unna over 1000 km. Det er Danmark Rundt som er neste store ritt han skal delta på.

Beste tid på sykkel i kvinneklassen hadde Lillian Langset med 37.15.

Det var fint ver og stor stemning med mykje heiande publikum langs løypa.

Av resultata ellers var det Sturle Starheim som hadde best tid blant løparane med tida 37.57.

Jan Roger Hagen 38.27 og på tredjeplass Trym Kjøs med 43.58.

Av dei fire på rulleski var det Marius Vaagen 39,01 og Vilde Lange med 40.31 og på tredjeplass Kevin Bjerkeli Krohn med 42.38.

I tillegg til premiering av dei «beste» vanka det også trekning av eit 20-tall med gavepremiar.

Under premieutdelinga på Coop’n ga arrangøren Eresfjord Idrettslag gavesjekkar på kr 5000,- både til Kreftforeninga og til Foreninga for muskelsjuke.