Hovudarrangør Bøfjorden Historielag oppfordrar alle med hobby-sysler og produkt til å fylle Bøfjorden Grendahus med stands og utstillingar laurdag. Og – eller: Stille ut på Bøfjorden Sjøbruksmuseeum søndag.

- Vi veit mange har interessante ting å vise fram eller selje, seier leiar i historielaget, Bernt Bøe. Sjøl stiller han ut sin eigen bokproduksjon, som er på 12-13 bøker. Vidare er huset ope for å selje eller vise fram produkt av alle slag.

Invitasjonen gjeld både private og bedrifter.

– Dermed kan publikum bli merksam på den store kreativiteten i lokalsamfunnet, og dei kreative kan få vise fram kva dei har å by på! seier Bernt - og føyer til at lokale biletkunstnarar er spesielt velkomne.

Veterankjørety vil prege uteområdet. Og tønnemakar Tor Fjærli gjentek suksessen frå museet sist søndag med å «slå tynnå».

Arrangørane kjem med meir detaljert informasjon om heile Bøfjordhelga 2018 i løpet av veka. Men her og no altså: Oppfordring til å skape spennande utstillingar og stands!