Statsbudsjettet:

20 millioner til Betna-Stormyra

Vegprosjektet mellom Betna og Stormyra på E 39 får 20 millioner kroner i forslaget til statsbudsjett til førebuande arbeid og eventuell anleggsstart på prosjektet.

Kom med pengar: Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) hadde mandag med seg gledelege nyheiter til Halsa.  Foto: Gøran Rønning.

Nye artikler

Prosjektet omfattar ombygging av tre delstrekninger på til saman rundt 30 kilometer. Strekninga skal byggast om til tofelts veg, i eksisterande og ny trasé.


Spent på statsbudsjettet:

– Tålmodet er oppbrukt

– Nå forventer vi midler til oppstart av E39 Betna – Stormyra, tålmodet er oppbrukt! Det sier Halsa-ordfører Ola Rognskog og Solvår Skogen Sæterbø i Gulstripeaksjonen, som er svært spente på statsbudsjettet som presenteres mandag.


Les meir om markeringa i Betna her


Samferdselsminister Jon Georg Dale seier i ei pressemelding at regjeringas satsing på samferdsel bind landet tettare saman.

-  Vi byggjer veg og jernbane i eit tempo som aldri før, og vi satsar på teknologi. Gjennom det skaper vi ein enklare kvardag for folk flest, styrkjer næringslivets konkurransekraft, og utvider bu- og arbeidsregionane. Regjeringa foreslår å løyve 73,1 milliardar kroner til samferdsel. Dette er ein auke på 5,4 milliardar kroner eller 7,9 prosent frå saldert budsjett 2018. Med dette forslaget har samferdselsbudsjettet auka med heile 75 prosent sidan 2013.

 – God infrastruktur er ei investering i framtidig velferd. I 2019 foreslår regjeringa å løyve 73,1 milliardar kroner til samferdsel. Av dette går 65,2 milliardar kroner til å følgje opp Nasjonal transportplan 2018-2029. Hovudprioriteringane våre i samferdselsbudsjettet tek også utgangspunkt i hovudmåla i Nasjonal transportplan, med betre framkome for personar og gods i heile landet, færre transportulykker og lågare utslepp av klimagassar, seier Dale.