Nei til nedlegging av trafikkstasjonen vår!

Det er foreslått nedlegging av mange trafikkstasjonar i distrikta, blant desse trafikkstasjonen på Sunndalsøra.

Erling Outzen, SV. 

Nye artikler

Dette føyer seg inn i rekka av sentraliseringstiltak vi har sett i seinare tid. Alt skal visst sentraliserast her i landet no, med den regjeringa vi har. Liksomfaglege råd frå verkelegheitsfjerne «konsulentar» med føringar frå oppdragsgivar kjem i staden for sunt folkevett som tar utgangspunkt i korleis landet vårt faktisk er, korleis vi vil at det skal vere, og at det skal bu folk i distrikta au.

Det er pussig korleis alle «strukturendringar» den siste tida – same kva det gjeld og korleis dei er grunngitt – virkar sentraliserande og utarmar distrikta. Ofte under eit røykteppe av propaganda som skjuler realitetane, ein orwellsk «nytale» der svart blir kalla kvitt. Såleis til dømes den såkalla «nærpolitireforma», som eit fleirtal av politifolk meiner fungerer motsett. Ja, sjølvsagt gjer den det – det skjønte folk med folkevett frå starten. Det sa vi frå starten.

Så kva er det dei blå driv med? Dei veit veldig godt kva dei gjer. Det er heilt bevisst det dei gjer. Det er system i galskapen. Dei endrar Noreg med vilje – i feil leid. Dei blå angrip systematisk og bevisst det som er så bra med landet vårt: Spreidd busetting og relativt jamne kår. Det er det som skjer, og det må stansast.

Erling Outzen

Leiar i Sunndal SV