DEBATT

"Norskfaget er ein av dei aller viktigaste arenaene for at nynorsk skal greie å halde nokolunde tritt med bokmålet som samfunnsberande språk."

Debattinnlegg frå Noregs Mållag.

Magne Aasbrenn er Leiar i Noregs Mållag.   Foto:

Nye artikler

Nynorsken skulle styrkjast med nye læreplanar i norsk. Dessverre er det grunn til å frykte det stikk motsette.

Norskfaget er ein av dei aller viktigaste arenaene for at nynorsk skal greie å halde nokolunde tritt med bokmålet som samfunnsberande språk. No har regjeringa sendt ny læreplan i norsk ut på høyring, og det er dessverre vanskeleg å sjå at framlegget følgjer opp dei gjentatte intensjonane frå både regjeringa sjølv og frå Stortinget om å styrkje stillinga til nynorsken og nynorskbrukarane. Dei negative konsekvensane av læreplanframlegget kan bli mange og alvorlege. Noregs Mållag vil særleg peike på tre:

1. Auka språkskifte

Læreplanframlegget skisserer like krav til elevane sin kompetanse i hovudmål og sidemål, men i vurderinga av sidemålstekster skal læraren ta omsyn til at elevane har hatt lengre tid med formell opplæring i hovudmålet enn i sidemålet. Dette gjeld også heilt til slutt i det vidaregåande skuleløpet. Dersom ein trekkjer læreplanen ut i den verkelege skulekvardagen, er det tydeleg at framlegget er laga for bokmålselevane. Sidan også elevar med nynorsk som hovudmål jamt over er sterkare i bokmål grunna den skeive eksponeringa i storsamfunnet, kjem framlegget til å føre til eit massivt strategisk språkskifte frå nynorsk til bokmål. Alt i dag ser me slikt taktisk skifte for å få større utteljing for nynorskkompetansen om han vert testa som sidemål.

2. Mindre undervisning i sidemål i skulen Framlegget går inn for å slå saman dei skriftlege halvårskarakterane i hovudmål og sidemål i 8. og 9. klasse på ungdomsskulen og på trinn ein og to på vidaregåande. Da blir det slutt på at elevane får eigen sidemålskarakter til jul og sommar: all skriving i norsk blir slått saman til éin karakter. Læreplanutkastet seier ingen ting om vektinga mellom hovudmål og sidemål, og heller ikkje at elevane skal skriva like mange oppgåver på sidemål som på hovudmål. Ei slik ordning vil dermed nesten garantert føre til ei svært ujamn vektlegging av sidemålet rundt ikring i norske klasserom. Det er gjort forsøk med ordninga i skulen, og det har ikkje gjort seg utslag i betre sidemålskompetanse hjå elevane. Fleirtalet av elevar seier i forsøket at dei blir motiverte av å få halvårskarakterar. Når vi veit at nynorskkompetansen blant vaksne er svak, er dette framlegget alt anna enn ein riktig medisin for å styrkje jamstillinga mellom målformene.

  3.  Ujamn progresjon i sidemål

Læreplanframlegget styrkjer tidleg opplæring i sidemål, og Utdanningsdirektoratets læreplangruppe har lagt opp til ein tydeleg progresjon. Likevel vel departementet i sitt framlegg til læreplan å ta inn ei presisering av at opplæringslova seier at skriftlege arbeid i sidemål skal vurderast seinast frå 9. trinn. For mange elevar vil det i praksis bety at det blir eit stogg i progresjonen og sidemålsopplæringa på 8. trinn. Formuleringane frå opplæringslova er utdaterte og heng att frå ei tid da sidemålsopplæringa i nynorsk grammatikk først tok til på nest siste trinn i den niårige skulen.

Noreg har to jamstilte målformer: bokmål og nynorsk. Dersom det skal vere meir enn ein festtale, må vi ordne oss slik at skulen bidreg til å gjere tilhøvet mellom skriftspråka jamnare. Med det noverande framlegget til læreplan er det vanskeleg å sjå anna enn at tilhøvet blir skeivare.

Det er ikkje for seint å påverke denne utviklinga, høyringsfristen til ny læreplan i norsk går ikkje ut før 18. juni. Noregs Mållag oppmodar alle som vil ta vare på nynorsken, også bokmålsbrukarar, til å delta i høyringa på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.

  Magne Aasbrenn,

leiar i Noregs Mållag