Folkehelse og fylkeskommunalt rusførebyggingsarbeid

"Dden store og mangslungne edruskapsrørsla i fylket har sidan 1960-talet i stor grad forvitra, og blitt erstatta av politi, helsearbeidarar og samfunnsplanleggarar.

Eivind Hasle. 

Nye artikler

I mai deltok eg enda ein gong på møte i rusførebyggingsgruppa God Helse. For meg var det siste møtet, i og med at gruppa er politisk oppnemnt, og følgjer fylkestingsperiodane. Samtidig betyr det at dei frivillige organisasjonane innanfor rusfeltet i Møre og Romsdal, gjennom Actis, ikkje lenger er direkte representert i fylkeskommunens rusførebyggingsarbeid.

Personleg har eg vore med i fylkeskommunalt rusførebyggingsarbeid sidan eg vart tilsett i utdanningsavdelinga i fylket hausten 1987, og nokså snart fekk ansvar for pedagogisk utviklingsarbeid ved dei vidaregåande skolane, og kontakten med elevråd, russestyre og skoleleiarar m.a. når det galdt rusførebygging. Til å byrje med skjedde dette arbeidet også i nær kontakt med ein eigen ruskonsulent ved Skoledirektørkontoret, og vi hadde gode kontakter i politiet og blant helsesjukepleiarar. Men forankringa i fylkesplanar og læreplanar og tilgangen på lærestoff for skolen var slett ikkje så god som ønskeleg.

Arbeidet har heile tida sidan 1980-talet også endra seg i tråd med endringar i det nasjonale rusførebyggingsarbeidet. Førebygging har fått mindre plass til fordel for behandling og reparasjon. Frivillig og privat innsats har meir og meir blitt erstatta av offentleg ansvar og betre systematikk. Personleg engasjerte «amatørar» har blitt erstatta av offentleg betalte byråkratar. Vestmo behandlingssenter er erstatta av Midt-norsk kompetansesenter for rusfaget. Og den store og mangslungne edruskapsrørsla i fylket har sidan 1960-talet i stor grad forvitra, og blitt erstatta av politi, helsearbeidarar og samfunnsplanleggarar. Og kampen for å redusere alkohol-forbruket i tilknytning til arbeid og fritid, har blitt til «reformer», «kvalitets-sikring og utvikling», og til meir eller mindre synleg folkehelsearbeid  - der øl-, vin og brennevinsomsetninga høyrer med i alle slags sosiale samanhengar  - også blant idrettsleiarar, folkehelsearbeidarar og skolefolk. Alkoholforbruket har auka frå rundt 3 liter pr person over 15 år rundt 1950 til bortimot 7 liter pr person i dag. Og der det tidlegare var ungdommens rusvaner som var den store bekymringa, er det i dag vel så mykje dei vaksnes og eldres.

Men sjølv om det har skjedd ei enorm «alminneleggjering» av alkoholen og rusen, kjem det stadig tydelegare rapportar frå WHO om alkohol og helse. Alkohol fører til store helsemessige utfordringar, og er m.a. den viktigaste globale faktor for funksjonsnedsetting hos personar mellom 15 og 49 år, og står for ca 20 % av dødsfalla i denne aldersgruppa. Globalt døyr rundt 370 000 menneske kvart år på grunn av fyllekjøring. Og sjølv om Noreg har lågare alkohol- og rusmiddelforbruk enn mange andre land, er det ingen grunn til å svekke dei ruspolitiske restriksjonane, anten det t.d. gjeld kontroll med ølomsetninga i butikkane (jf Juventes årlege aksjonar), eller det gjeld t.d. alkoholtilgang på alle slags sosiale festival- og idrettsarrangement. Vern om dei rusfrie møtestadene og vektlegging av omsynet til barn og unge i den lokale ruspolitikken synest å vere blant dei viktigaste utfordringane framover.

Så spørs det berre kva vekt folkehelse og solidarisk edruskap har jamført med næringsinteresser og vaksnes individuelle fridomsønske i samfunnsutviklinga! 

Eivind Hasle

(medlem av fylkets Rusførebyggingsgruppe God Helse)