Om «Legemangel i Surnadal»

Lesarinnlegg frå kommunedirektør Knut Haugen.

Kommunedirektør i Surnadal kommune, Knut Haugen. 

Nye artikler

Da eg leste lesarbrevet i Driva vedrørande legesituasjonen og kommunen sin rolle, så må eg seie at eg «skvatt til» litt. Eg skal slett ikkje skulde på Ragnhild Nes som har skrive lesarbrevet ut frå dei opplysningane ho har fått.

Men eg reagerer på at dette blir sagt av legesenterets tilsette, dersom dette stemmer, både fordi at tilsette ved Surnadal Legesenter da nyttar pasientane sine som «talerøyr», og at vi tydelegvis har svært ulik verkelegheitsoppfatning.

Fakta er at det har vore utlyst fastlegestillingar kontinuerleg det siste året. Ved nokre av utlysingane har det ikkje vore kvalifiserte søkarar. Ved andre anledningar har kvalifiserte søkarar fått tilbod om jobb på Surnadal legesenter, men har av forskjellige årsaker (som er heilt utanfor vår kontroll) takka nei til stillingane. Så at det blir «dingla» med dette på kommunehuset er faktisk heilt feil.  

Det er i alle fall gledeleg at vi no har fått positivt svar frå ein ny og godt kvalifisert lege som startar opp sin praksis i Surnadal frå nyttår.

I mellomtida blir det også arbeidd kontinuerleg med å skaffe vikarar til legesenteret.  

Med helsing

Knut Haugen, kommunedirektør

(Red. anm.):

Det som Haugen her siktar til er ikkje eit lesarbrev, men ei innringt historie under overskrifta «Legemangel i Surnadal» på side 27 i Driva fredag 11. oktober. Der fortel Ragnhild Nes frå Surnadal dette:

«– Eg drog til Surnadal legesenter for å bestille meg time hos fastlegen min her ein dag. Da fekk eg beskjed om at det er ein månads ventetid for å komme dit. Det er ikkje bra nok!

På legesenteret fekk eg til svar at dei har hatt to legar for lite i lang tid. Legestillingane har vore utlyste fleire gonger, og dyktige kvalifiserte legar har søkt på stillingane. Men så har ikkje Surnadal kommune «dingla» seg til å tilsette dei, og da reiser legane til ein stad der dei blir tilsett. Heilt utruleg!

Dette vart sagt ordrett til meg, og eg fekk fortalt at dei hadde begynt å sende frustrerte pasientar til kommunen for å klage.

– Nokon har tydelegvis ikkje gjort jobben sin, så derfor er det kanskje på tide å kaste heile administrasjonen? Kommunen bør i alle fall slutte med å lokke unge familiar til å flytte til kommunen når legemangelen er så prekær. For dette er ikkje bra nok. Slik kan det ikkje fortsette. Eg tykkjer synd i skrankepersonalet ved legesenteret som må ta imot frustrasjonen frå pasientane. Denne situasjonen er ikkje deira skuld.»