Debatt

Fylkestinget har skulda – ikkje Nordøyvegen

Derfor ligg skulda for dei økonomiske vanskane hos det forrige fylkestinget. Det nyvalde fylkesting må rydde opp.
Nye artikler

Fylkestinget har ansvar for driftsnivået i fylket, også når driftsnivået er for høgt. Det forrige  Fylkestinget vedtok  Nordøyvegen sjølv om driftsnivået allereie var for høgt. Derfor ligg skulda for dei økonomiske vanskane hos det forrige  fylkestinget.  Det nyvalde fylkesting må rydde opp.

Nordøyvegen vil påføre fylkeskommunen auka utgifter dei komande 10-12 åra. I 2020 skal fylkeskommunen betale vel 1,5 milliard og i 2021 knappe 1,9 milliard kroner i følgje framlegget til økonomiplan. Dette blir i stor grad finansiert med lån som så blir nedbetalt dei komande 40 åra.

Før siste vedtak om Nordøyvegen vart gjort i det forrige fylkestinget, var det godt kjent at fylkeskommunen hadde eit for høgt driftsnivå. Behovet for vedlikehald og investeringar i skolebygg var også kjent for fylkestinget. Det var i tillegg godt kjent at staten sine pengeoverføringar til fylkeskommunane til finansieringar av fylkesvegar og ferger var lågare enn dei reelle kostnadane i vårt fylke. Etter vedtak om Nordøyvegen har underfinansieringa av oppgåver staten overfører til fylkeskommunane blitt verre.

Med utgangspunkt i fylkeskommunen sine inntekter har fylkeskommunen eit driftsnivå som er for høgt, heilt uavhengig av Nordøyvegen. Derfor må driftsnivået ned. Fylkeskommunen sine auka utgifter dei komande 10-12 åra knytt til Nordøyvegen, gjer at driftsnivået må ytterlegare ned.

Nordøyvegen er ein vesentleg faktor knytt til dei driftsreduksjonane som no kjem i fylkeskommunen. Men skulda for dette ligg hos det forrige fylkestinget. Det nyvalde fylkestinget  har den utfordrande oppgåva å rydde opp. Det må dei klare utan å bortforklare kostnadane knytt til Nordøyvegen.


Jan Ove Løken

Tidlegare tilsett i Møre og Romsdal fylkeskommune