Laget Vårsøg ser mot 2021:

Avlyser Vårsøghelga

Nasjonale retningslinjer sett ein stoppar for årets Vårsøghelg.

Kleivakveld:: Laget vårsøg ser på mulegheitene for å arrangere ein Kleivakveld ut på seinsommaren dersom tilhøva tillet det.  Foto: Arkivbilde Magne Lillegård

Nye artikler

Dagleg leiar Anders Larsen i i Laget Vårsøg viser til dei nye retningslinjene til myndigheitene når han slår fast at årets vårsøghelg må avlysast.

Larsen skriv i ei pressemelding:

"Med utgangspunkt i dei nye retningslinjane frå myndighetane og Folkehelseinstituttet ifm koronasituasjonen med avlysningar til 15. juni,vmå vi dessverre avlyse årets Vårsøghelg. Vi har i år jobba fram eit festivalprogram som vi er veldig stolte av, og vi håpar at fleire av åretsprogrampostar også vil stå på programmet under Vårsøghelga 2021., skriv Larsen.

Han er glad for at det er to flotte arrangement i regi av Vårsøghelga å sjå fram til i haust.

- Den utsette konserten med Åge og TrondheimSolistene planlegges 7. eller 8. november, og vi jobbar no med dei siste detaljane kring ein julekonsert laurdag den 5. desember i Stangvik kyrkje.

Artistane på julekonserten vil verte presentert så fort detaljane er på plass. Det er berre å gle seg til magisk julestemning i Stangvik kyrkje. Vi i laget Vårsøg håper som alle andre, at situasjonen no normaliserer seg så fort det let seg gjera, og at vi ikkje gløymer å nyta våren ogvårsøgen, sjølv om det vert litt annleis i år. Vi jobbar også med å arrangere ein Kleivakveld utpå seinsommaren viss situasjonen tilseier at vi kan gjera det.Uansett så er det berre å sette av helga 28.-30. mai 2021. Da skal vi arrangere tidenes Vårsøgfest i Surnadal, med eit fantastisk program, i fantastiske kulissar. Velkommen!