Helse Møre og Romsdal:
Besøkande med luftvegssymptom eller bekrefta covid-19, samt dei som er definert som nærkontakt eller i karantene etter utanlandsreise, skal som hovudregel ikkje besøke sjukehusa eller helseinstitusjonane i fylket.
For besøk ved sjukhusa gjeld følgjande:
- Besøk ved sjukehusa skal skje på kvardagar mellom kl. 17.00-19.00 og i helga mellom kl.16.00-18.00.
- Alle besøk skal avtalast, inkludert tidspunkt og varigheit. Kontakt med den aktuelle eininga skal skje på dagtid og i god tid før besøket.
- Talet på besøkande er normal inntil 2 personar, inkludert ledsager. Unnataksvis kan ein godta inntil 4 personar ved spesielle situasjonar der avgrensinga på 2 besøkande vil vere urimeleg
- Anbefaling om 30 minuttar varigheit på besøket, tilpassingar kan vurderast
- Talet på besøkande er normal inntil 2 personar, inkludert ledsager. Unnataksvis kan ein godta inntil 4 personar ved spesielle situasjonar der avgrensinga på 2 besøkande vil vere urimeleg.
Besøkande må vere budde på å:
- møte adgangskontroll ved hovudinngangen.
- få spørsmål for å avklare risiko for Covid-19 hos besøkande og evt. ledsagar.
- halde avstand til tilsette og andre pasientar for å avgrense smitte.
- vere ekstra påpasseleg med god handhygiene.
- gå direkte til pasientrom og ikkje opphalde seg i seksjonen /eininga sitt fellesareal.
- fortrinnsvis halde 1 meters avstand til den dei skal besøke.
- ikkje betene seg sjølve eller pasient frå drikkeautomatar eller matservering i fellesareala.
HMR vil gjere ein fortløpande vurdering av besøkstilbodet opp mot risiko for smittespreiing, smittesituasjonen lokalt, samt om avdelinga har kapasitet til å ta imot besøk.
For besøk ved HMR sine andre institusjonar, ta kontakt med den aktuelle institusjonen for meir informasjon og for å gjere avtale om besøk.