Debatt

SP og Kristin Sørheim, for Vindmøller ?

"Skal ein vite kva SP og Kristin Sørheim egentlig meiner, så må ein velge stikk motsatt av det som blir sagt»
Nye artikler


« SP og Kristin Sørheim seier ein ting, gjer noko heilt anna i praksis, lova vetorett lokalt for vindmøller, stemmer imot eit STOPP av utbygginga på Haramsfjellet»

Sjølvsagt var ikkje Sørheim i stortinget og stemte ned Sylvi Listhaug m fl sitt framlegg om å stoppe utbygginga på Haramsfjellet, men SP her i fylket med Kristin Sørheim i spissen har sjølvsagt instruert si Stortingsgruppe til å stemme imot dette forslaget.

For to veker sidan fremma Sylvi Listhaug, Jon Georg Dahle mfl, framlegg i Stortinget om øyeblikkelig stopp av utbygginga på Haramsfjellet inn til rettssystemet hadde behandla saka, og dei krevde hastebehandling av saka no før ferien.

Dette stemte SP, AP, Høgre, KrF og Venstre ned, slik at denne saka no fyrst kjem til behandling lenge etter utbygginga har rasert Haramsfjellet, truleg i November/desember.

Her oppe står SP og Sørheim fram og liksom skal vere imot vindmøller på Haramsfjellet, men alle husker kven som vedtok konsesjonen mot eit samrøystes kommunestyre og fylkesting, nemleg SP statsråden Riis Johannessen i 2009, som også tvinga igjennom statleg plan.

«Når SP fremmar sak om lokal vetorett for vindmøllesaker, kvifor i himmelens navn stemmer dei imot hastebehandling for å stoppe utbygginga på Haramsfjellet?»

FrP ynskjer også lokal vetorett i slike saker, men gjennom at desse sakene skal behandlast etter plan og bygningslova, ikkje energiloven som i dag.

- då blir det lokalt vedteke kva som kan byggjast eller ikkje.

«Skal ein vite kva SP og Kristin Sørheim egentlig meiner, så må ein velge stikk motsatt av det som blir sagt»

- Lova gratis ferjer- auka ferjeprisane til himmels etter valget,

- Lova lokalt vetorett for vindmøller, stemmer imot STOPP vindmøllene på Haramsfjellet,

- Lovar kamp for bøndene, lovpriser MDG og «kjøttskam» her i fylket.

Dette er Sp i praksis, seier ein ting, og gjer stikk motsatt i praksis !

Mvh

Frank Sve

Fylkesleiar og gruppeleiar i

Møre og Romsdal FrP