Allsong på Nordstrand:

Variert, vakker og stemningsfull seinsommarkveld ved fjorden

Det vart ein minnerik seinsommarkveld ved Heggemnaustet i Bøfjorden laurdag kveld, da Fjordafrøknånj, Lars Jarles & Big Mamas, dyktige ungar med fleire sørga for høg allsongfaktor.
Nye artikler

– Så utruleg artig! Dette er tredje gong vi arrangerer Allsong på Nordstrand, men så mykje folk har det nok aldri vore her tidlegare. Det seier fjordafrøken Tanja Heggem, etter at dei har avslutta årets utgåve av det populære allsongarrangementet ved naustet på Heggem. Denne gongen i overskya og godt sommarvêr.