Sjøbruksmuseet jubilerer - med fargerike tilbakeblikk

Med over 20.000 besøkande på sjøbruksmuseets sommarsøndagar sia starten i 1995 har Bøfjorden Historielag god grunn til å feire 25-års jubileum. Det skjer på kulturminnedagen søndag - med fargerike tilbakeblikk.

Saman med sundbåten «Framnæs» har historielaget arrangert årlege fjorddagar. Søndag blir det fargerike tilbakeblikk frå 25 år ved sjøbruksmuseet i Bøfjorden.   Foto: Bernt G. Bøe

Nye artikler

Da bøfjordingane reiste sitt nye grendahus i 1994, vart det gamle ungdomshuset Bygdevangen ledig. Dermed slo mannskoret i bygda til, stifta Bøfjorden Historielag på ein av sine øvingskveldar og fekk overta Bygdevangen for å gjera huset til sjøbruksmuseum.