Pressemelding fra Helse Møre og Romsdal:
- Vi forstår at mange vil besøke sine næraste, men med dagens smittesituasjonen må vi avgrense talet besøkande ved sjukehusa våre, seier Torstein Hole, fagdirektør i Helse Møre og Romsdal.
Den siste veka er det registeret ei kraftig auke i talet på smitta innbyggarar i Molde og i Kristiansund. Per. 5 oktober er det to pasientar innlagd med koronasmitte i HMR.
Følgande prinsipp gjeld for besøk ved føretaket sine sjukehus:
- Alle besøk skal fortsatt avtalast på førehand telefonisk
- Anbefalt besøkslengde er i utgangspunktet satt til 30 minutt, med mindre noko anna er avtalt med behandlande personell
- Kjernetida for besøk er mellom kl. 17.00 og kl. 19.00 på kvardagar og mellom kl. 16.00 – 18.00 på helg
- Besøkande med luftvegssymptom eller bekrefta Covid-19, samt dei som er definert som nærkontakt eller har vore i utlandet (gjeld alle land) dei siste ti dagane, skal som hovudregel ikkje besøke sjukehus eller helseinstitusjonar i HMR. Unntak kan innvilgast for kritisk sjuke og/eller døande. Besøkende må da følge anbefalte smittevernråd, samt bruke kirurgisk munnbind under besøket.
Som besøkande må du vere førebudd på følgjande:
- Møte i adgangskontrollen ved hovudinngangane
- Få spørsmål for å avklare risiko for covid-19
- Du blir registrert. Vi må ha oversikt om det blir behov for smittesporing.
- Halde avstand til tilsette og andre pasientar/besøkande for å avgrense smitte
- Vere ekstra påpasseleg med handhygiene
- Halde 1 meter avstand til den du skal besøke
For besøk ved HMR sine andre institusjonar, ta kontakt med den aktuelle institusjonen for meir informasjon og for å gjere avtale om besøk.