Gamle Nordmør med nytt nummer

Bøfjorden Historielag er ute med ny årbok for 2020. Omslaget peikar på to av hovudoppslaga i boka: Soga og segnene om den illgjetne mannbjørnen og den vidfarande og seigliva skuta ”Veslegut”.

Foto av bokomslaget.  Foto: Privat

Nye artikler

Mange har nok høyrt brotstykke av dei spennande forteljingane om mannbjørnen som tok livet av fem menneske i Bøfjordtraktene for 250 år sidan, før han stupte for ei kule frå Skyttar-Tølløv ein stad bortmed Hjelmen, ein dåd som fekk sitt minnesmerke ved vegen gjennom Haugaskaret i 1926. I ei tjue siders framstilling fremst i boka tek Bernt Gudrunson Bøe for seg det omfattande forteljestoffet og skriftlege kjelder og sceniske framsyningar om dramaet på 1770-talet. Bernt prøvar å sile ut dei faktiske hendingane som ligg attafor alle segnene. Framstillinga blir avrunda med den 26 vers lange ”Dragsetvisa” med melodi som Bernt trur kan ha vore nytta til å synge etter.