Leserinnlegg

No må ikkje vi slukke lyset i tunnelen!

Nye artikler

Todalsfjordprosjektet er eit ynda diskusjonstema her på indre Nordmøre. Det, eller i alle fall ferjefritt samband over/rundt Todalsfjorden, har det vore prata og diskutert om – sidan tidleg i førre århundret. Det viser kor stort engasjementet for dette viktige prosjektet er for regionen vår. I tillegg har desse meiningsbrytningane ført til at vi no kan sjå fram til ei løysing som for eksempel er mykje betre enn det blindsporet vi lenge var på, med langtunnel frå Todalen.

Men ein gong må diskusjonen stoppe. Og det tidspunktet trudde eg faktisk vi hadde passert, no når planane endeleg er gryteklare og vi med små men viktige steg nærmar oss tid for handling og bygging av dette sambandet. Skal det faktisk skje, så krev det at både kommunane, fylket og vi innbyggarar på begge sida av fjorden held stø kurs med dei løysingane som er skissert – og ikkje plutseleg blir meir kreative enn nokon gong når det gjeld tenkjelege og utenkjelege løysingar. Bru frå Svinvika til Rakaneset og tunnel vidare til Ålvundfossen er vegen vår mot ferjefriheit!

Magne Løfaldli og andre har teke til orde for at ein no i tolvte time bør skrote bruplanene og heller satse på døgnkontinuerlege, sjølvstyrte el-ferjer over fjorden, som han meiner er ei meir framtidsretta og miljøvenleg løysing. Eg er jo blant dei som meiner rindalingar ofte kan vere både fornuftige og greie og tykkjer for så vidt Magne har mange gode poeng i denne argumentasjonen òg. Men, som eg har sagt til han, så meiner eg han bør dra lenger ut i fjorden med dei!

Over Halsafjorden bør ein absolutt vurdere slike og andre alternativ til den skrekkeleg dyre monsterbrua, no når Hareide har vekt regjeringa frå rusen etter visjonane om ein ferjefri E39 langs kysten. For eit så kort samband som Todalsfjorden derimot, og det som altså er ei relativ moderat investering – til dømes vil den koste rundt 10 % av det regjeringa skal bruke på 800 meter med motorveg i Oslo vest – og som i tillegg vil gi oss ferjefri samband mellom heile Nordmøre og Trøndelag, så er bru og tunnel den beste og mest realistiske løysinga. I eit land som allereie har eit utal bruer og rundt 4000 km med bergtunnelar, blir argumentet med at Todalsfjordprosjektet vil bli ein miljøversting meir spel for galleriet. For sjølv om autonome el-ferjer kan høyrast forlokkande ut, så er vel korkje teknologien eller det endelege miljørekneskapet ferdigstilt for slike løysingar, enno.

Alle forstår at denne løysinga vil ha negativ innverknad for enkelte. Men skal vi få til noko er det ikkje til å unngå. Men vegvesenet må sjølvsagt gjere det dei kan, innanfor rimelege rammer, for å få så gode løysingar som mogleg både på Surnadals- og Sunndalssida. Samferdslemessig hadde det optimale vore at fjorden ikkje låg der, men det var altså ikkje slik, for å sitere Jørgen Gravvold, at «vår herre laga landet»…

Og sjølv kor gode enkelte tykkjer dei fabrikklaga svelene og den sure kaffen, eller kor søte og trivelege ferjemannskapa er, så kan ikkje alt dette viske ut det faktum at det nye sambandet vil gjere turen mellom Surnadal og Sunndal/Kristiansund rundt 20 minutt kortare enn med ferje. Vi kjem sikkert til å halde fram og jobbe meir digitalt òg etter at effektive vaksiner har slått ned pandemien, men det er ikkje berre i sentrale strøk at raske og effektive samferdselsløysingar vil bli stadig viktigare i framtidas kamp om og for bedrifter og livslyst.

Så no må vi slutte å vingle, slutte rekkene og sørge for at vi endeleg får på plass brua og etter kvart kan sjå lyset i den tunnelen som vil kunne gi oss det løftet vi treng her, midt i moglegheitene som det er litt vanskeleg å kome til. Ikkje minst vil dette løftet gjelde for restaurantar og dei mange andre reiselivsaktørane i regionen som lettare vil kunne presentere dei fantastiske produkta og tenestene sine for langt fleire.

Trond Skogseth