Lesarbrev

Tillit til prosessane

"Om nødvendig må Stortinget be Kontroll- og konstitusjonskomiteen ta opp saka."

Kristin Sørheim (Sp).  Foto: Sigmund Tjelle

Nye artikler

Tidens Krav har avdekt korrespondanse mellom ulike personar i Statens vegvesen og Vegdirektoratet som gjer at det blir sådd sterk tvil om habilitet og realitet i utgreiingane av ferjefri E 39 mellom Ålesund og Molde.

Måndag samla fleirtalet i fylkesutvalet seg til følgjande fråsegn (minus Høgre og KrF):

«Fylkesutvalet ber samferdselsministeren / regjeringa svare på om utgreiingane for konsept- og trasèval for ferjefri og oppgradert E 39 Molde-Ålesund er gjort på eit fagleg og uhilda grunnlag , og om dei på generelt grunnlag kan forsikre oss om at fagavdelingane gjennomfører utgreiingar som er grundig fagleg vurdert utan politisk eller anna påverknad undervegs i utgreiingsarbeidet. Dette er avgjerande for at folk og folkevalde skal ha tillit til utgreiingar som ligg til grunn for politiske slutningar og prioriteringar.

Om nødvendig må Stortinget be Kontroll- og konstitusjonskomiteen ta opp saka.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal viser til avsløringane i avisa Tidens Krav om manglande framlegging av alternativ for E39 si fjordkryssing av Romsdalsfjorden.

Dersom det stemmer at utgreiingar som er gjort i høve konseptval og trasèvalg for ferjefri og opprusta E 39Molde-Ålesund ikkje er gjort i samsvar med oppdraget frå Samferdselsdepartementet, må utgreiingane gjerast på nytt, mellom anna av undersjøisk tunnel under Veøya og det må da gjennomførast ei fullverdig utgreiing av alle andre alternativ og med kjent teknologi. Det er videre ein føresetnad at det skal utarbeidast klima- og miljøbudsjett for dei ulike løysingane, og at dette skal vektast i tråd med nasjonale mål for reduksjon av klimagassutslepp.
Det norske samfunnet er bygd opp med tillit og openheit som grunnlag, og høyringsinstansar og Stortinget må kunne ha tillit til departementet sine utgreiingar og grunnlag for vedtak.»

I dag har samferdselsdepartementet bede om ei ny utgreiing av tunnel under Romsdalsfjorden, Sekkenalternativet, av eit eksternt miljø. Det gjev ikkje svar på dei spørsmåla alle no stiller seg, og som vart løfta fram av fylkesutvalet.

Saka handlar heller ikkje no om ein er for eller mot Møreaksen, men om beslutningsgrunnlaget.


Kristin Sørheim (fylkesutvalsmedlem, SP)