Julerosekveld med Herborg Kråkevik og spanande gjestar:

Svein steppar inn for Linda

Kva skjer når Linda Eide må avlyse framsyninga si med Herborg Kråkevik, Vigdis Hjorth, Kristiansund Symfoniorkester og Operakor Ung i Surnadal Kulturhus komande fredag? Jo, da steppar stangvikgardingen Svein Sæter sporty inn. Svein hadde allereie kjøpt billett til forestillinga og skulle nyte det frå publikumsbenken, men slik det vart altså da ikkje.
Nye artikler

Svein Sæter fortel at han sa ja med ein gong han vart spurd om å steppe inn for Linda Eide.