Utmerka til "Bondevenn"

Driva var blant seks personar og bedrifter som måndag fekk æresutmerkinga "Bondevenn" av Surnadal Bondelag og Todalen Bondelag.

BONDEVENNER Desse tok imot utmerkinga "Bondevenn" frå bondelaga i Surnadal og Todalen måndag. F.v: Ingebrigt Moen, Mons Otnes, Geir Forbregd, Ola Krangnes og Frode Andresen. Framme: Eli Gulla. Foto: Gøran Rønning. 

Nye artikler

Norges Bondelag lanserer i desse dager nettstaden bondevenn.no. Her kan alle som vil, stå fram og kalle seg for ein bondevenn. Samtidig som nettstaden lanserast kan lokale bondelag over heile landet også utnevne sine eigne bondevenner, til dømes personar som bidreg til å løfte fram matproduksjon og landbrukets betydning for det norske samfunnet.

Surnadal Bondelag og Todalen Bondelag har utarbeidd ei slik lokal liste over eigne bondevenner, og dei som fikk utmerkelsen "Bondevenn" her var:

- Ingebrigt Moen, politikar og fagkonsulent i næringsavdelinga i kommunen.

- Frode Andresen, veterinær.

- Mons Otnes, ordførar.

- Eli Gulla, leiar for Indre Nordmøre Landbrukstenester.

- Surnadal Sparebank, ved Ola Krangnes, kunderådgivar landbruk.

- Driva avis.

Måndag fekk alle desse sine synlege bevis på utmerkinga, i form av t-skjorter og diplom. T-skjortene hadde påskrifta «BONDEVENN» på brystet, og «KJÆRLEIK TIL NORSK MAT» på ryggen.

– Det er sikkert mange fleire som kunne fått ei slik utmerking, bondelaga i Surnadal- og i Todalen, har i alle fall i fellesskap kome fram til dei som no står på lista vår. Alle desse har gjort ein innsats for landbruket litt utover det ein kan forvente, seier leiar i Surnadal Bondelag, Oddvar Mikkelsen.

Saman med representantar både frå Surnadal- og Todalen Bondelag sto Mikkelsen for overrekkinga i landbrukshuset måndag, og han takka alle for ein god innsats for landbruket.

Det er ein gjev pris å få, da det ifølgje Mikkelsen er uvisst om dette blir ei årleg utmerking, eller eventuelt når neste utdeling vil bli. Difor var og alle som fekk denne ærefulle utmerkinga veldig takksame og beæra.

Les meir om utmerkinga med grunngjevingane i Driva onsdag.