Oppsummerer Vårsøghelga:

- Kunstnerisk kjempesuksess

- Vårsøghelga gjekk kjøle bra. Godt besøk og kunstnerisk kjempesuksess, oppsummerer dagleg leiar Gerd Ingrid Kvendset.

Godt besøk: - Vi er godt fornøgd med årets Vårsøghelg, seier dagleg leiar Gerd Ingrid Kvendset. Her saman med festivalutstillar Annelene Haftorn. 

Nye artikler

Mandag føremiddag slappar vårsøgleiaren av i sofaen med å oppsummere inntrykka frå ei travel Vårsøghelg. Gerd Ingrid Kvendset er glad for å kunne konstatere at årets Vårsøghelg vart vellukka.

- Det var artig at vi lukkast med arrangementa i teltet. Humorkvelden var kjempebra, og vi er også svært fornøgd med at vi lukkast å blande profesjonelle krefter med amatørar på fleire arrangement. Det var det mellom anna døme på under tangokvelden på hotellet.

- Kleivakvelden vart våt, men det kom bra med folk?

- Ja, det var rundt 600 til stades. Der er vi bra fornøgd med. Synd at det regna akkurat dei to timane under Kleivakvelden, men eg trur publikum var fornøgd med eit godt program.

- Korleis var frammøtet på dei andre arrangementa?

- Ingen arrangement var dårleg besøkt. Det vart kanskje litt for mange arrangement på søndag, men eg må få trekkje fram Sigrid-konserten i Surna bedehus søndag ettermiddag. Der var det stappfult. Det vart bore inn mange ekstra stolar, og det seig på med folk heilt fram til konserten starta.

- Laurdagens Boksøg var også veldig godt besøkt. Stort engasjement og godt besøk også på Drivadebatten. Hittegodsauksjonen var og vellukka. Eg må elles får skryte og takke Vårsøgstyret og alle dei frivillige som stod på for å hjelpe til.  Dei la ned ein kjempeinnsats. Matkomiteen var heilt suveren. Takk også til sponsorane.

- Neste år skal Vårsøghelga arrangereast for 20. gong. Det ryktast at styret er godt i gang med planlegginga?

- Ja, vi har alt fått navn på plakaten. Vi kjem til å gjere litt ekstra ut av neste års Vårsøghelg som blir flytta frå pinsa til siste helga i mai. Vi har bestemt oss for å prøve det. Vi gler oss, oppslutninga i år lovar godt for Vårsøghelga framover!