Stangvikfestivalen:

Spasiba!

Russisk aften i Bondehuset baud på dei store kjenslene.
Nye artikler

Ein kan seie det ein vil om den store naboen i aust, men han har fostra nokre av dei største komponistane, diktarane og forfattarane i vår tid. På fredag kveld fekk vi oppleve verka av nokre av desse gigantane, mesterleg spela av Stangvikfestivalens musikarar.


-Salet går strålande, over all forventning, sa Torbjørn Larsen før konserten. Det var fullt hus i Bondehuset, og høg stemning. Det var mykje humor, men størst av alt var kjærleiken - og lidelsen. For kven kan vel slå Russarane i berettelsar om lidande.


Kvelden tok ei uventa og gripande retning då Sigvart Vullum frå Surnadal kom på scena. I si tid høyrde han den Russiske låta  Enstonig ringer den lille klokken på radio. Han vart grepe, og har i lang tid jobbe med å forstå teksta og å synge songen på Russisk med rett uttalelse. Han las opp teksta for oss på norsk, Marit Christensen har hjulpe med oversetjinga. Teksta er skreve av ein ung mann, og vart funne på kroppen hans etter at han fraus ihjel.

Mot meg strømmer en verden av minner
fra min hjembygd og ungdommens dager.
Og jeg ser gjennom øyne som dugges
alt det vakre jeg trodde var glemt.


Konserten var ei flott oppleving, og gjorde artistar som  Sjostakovitsj, Tsjajkovskij, Vysotskij, Kharms og Pussy Riot ære. Konserten var i lengste laget, men det er berre å vente med så rikt materiale og dyktige utøvarar. Spasiba, takk, Stangvikfestivalen for nok ei flott oppleving.