Bildespesial:

Opne sinn på Open gard

Under open dag i Rindal vart det kalving i fjøset. Den ferske kalven opna auga til eit stort publikum med store auge og mange spørsmål. – Men kor er pappakua? spurte ein liten gut.
Nye artikler

Svaret på dette og mykje meir fekk born og vaksne vite på garden Rindalsgjera søndag.

Open gard var eit populært arrangement, rundt 150 born og vaksne tok turen. Dei besøkjande hadde nok å finne på under open dag, blant anna natursti, høyhopping, trøtraktorkøyring, runderidning og kosing med grisungar, kaninar, kalvar og høns. Matservering var det også, Tine stilte med eigen ambassadør og serverte jus og yoghurt. Bondelaget sytte for salt- og søt mat.

– Folk har trødd velvillige til på dugnad for å få til open gard, fortel leiar i Rindal Bondelag, Inge Brønstad. Det var Rindal Bondelag som stod bak arrangementet.

– Sist vi hadde open gard her i Rindal var i 2009, altså fem år sia. Skal ein døme etter suksessen i dag vert det definitivt arrangert igjen, kanskje ikkje neste år, men det kjem absolutt ikkje til å gå fem år igjen, seier Brønstad.

Bondelaga i Surnadal, Rindal og Halsa har vorte einige om at det skal arrangerast open gard kvart år i distriktet, noko som betyr at det vert open dag i kvar kommune kvart tredje år.



Dagen nådde eit definitivt høgdepunkt då det vart action i fjøset. Kalven kom velberga ut til eit stort og undrande publikum. Spørsmåla hagla frå barnemunn.

– Men kor er pappakua? Kvifor et mammaen slimet på kalven? Kva et kalven? Er det jente eller gut?

Kvigekalven kom seg etter kvart på opp vaklande bein og vart sett inn i ein bås ved sia av dei andre ferske nykomarane. Nokre born kom fram til at ei stor, svartflekka ku måtte vere pappaen til kalven. Andre spurte nokre vaksne og slo seg til ro med tanken på pappafrø i posten.

–Det er artig at det vart kalving no, så ungane fekk sjå. Det er jo ein del av den daglege drifta på ein gard, fortel gardbrukar Ola Stokke.



Gardslivet gir mykje glede.

– Noko av det som er så flott med å vekse opp på gard er at ein ofte er fleire generasjonar på ein plass, seier Ola Stokke. Han og Brit Bakken driv garden. Dei har tre born i lag.

–Ungane våre er 14, 17 og 19 år gamle, vi får sjå om nokon av dei vil ta over garden, seier Brit. Foreldra til Brit bur i eit hus like ved garden.

– Det er utruleg flott at dei bur så nære, det er ofte ein treng ei hjelpande hand på garden, fortel Ola.

Brit og Ola tok over gardsdrifta frå foreldra til Brit i 2006.

– Vi har gjort mykje her dei siste åra, restaurert fjøs og hus og bygd på fjøset. No har vi rundt 100 dyr på garden. 45 av desse er mjølkekyr, resten ungdyr, fortel Ola. Og her står ikkje kyrne inne medan graset gror.

– Nei, kyrne er ute frå mai til september, med unnatak av dei som skal kalve, fortel Ola.

– Ho her er kalven min! fortel Malene Snilsberg. Betre gaid skal ein leite lenge etter. Malene er ofte med onkel Ola i fjøset.

– Ja, ho har ei ku med eit kvitt merke i panna som liknar på bokstaven m. Da den kua kalva vert det heldigvis ei kvige, så det vart kalven til Malene, fortel Ola.

Det gjenstår å sjå om Malene vert bonde eller ikkje, for onkel Ola er yrket gjevande og krevande.

– Eg trivst som bonde, sjølv om det er mykje å gjere. Eg er glad i kyrne mine, det må ein nesten vere om ein skal drive gard, fortel han.


Ola har ei yrkestid som tømrar og snekker bak seg.

– Som tømrarar og snekker var det aldri vanskeleg å få med seg ein lærling. Eitt av problema ein møter som gardbrukar er at det ikkje er lett å få tak i avløysar, at det rett og slett er vanskeleg å ta fri. Eg vil oppfordre kommunane til å sjå på moglegheita for å utdanne lærlingar i bondeyrket. Næringa har jo enorme ringverknader i bygdene og landbruket er utruleg viktig, både når det gjeld matproduksjon, sysselsetjing og bevaring av kulturlandskap, seier Ola.


Om kommunane tek oppfordringa på alvor gjenstår å sjå. Fleire born var nysgjerrige og ville vite alt om gardsdrift.

– Poenget med open gard er å vise fram kva vi driv med, seier leiar i Rindal Bondelag, Inge Brønstad. Og open gard trengst. Det er fleire og fleire born som ikkje veks opp på gard og ikkje har noko sterkt forhold til gardslivet. Samanlikna med 1999 har kvart tredje gardsbruk vorte lagt ned i Noreg, Og næringa slit med rekrutteringa.

Men rekrutteringa til yrket såg ut til å gå strålande på Rindlasgjera søndag Ein får håpe at nokre av borna som vitja Rindalsgjera søndag veks opp til å verte bønder, men fyrst må dei lære litt basiskunnskap. Ei lita jente står og ser på den nyfødde kalven, ho tenkjer seg om, ser på far sin og spør:

– Men kor i kua kom kalven ut frå?