Det var musikarane Knut Reiersrud og Iver Kleive som med gitar- og orgelspel tok utgangspunkt i norske folketonar og salmar og spedd på med «eige krydder»

Dette er ein konsert dei har opptredd med i fleire kyrkjer, og dei har fått mykje god kritikk for den triologien dei framførte. Den består av koral frå 1991, Himmelskip frå 1996 og Nåde over nåde frå 2006.

Vi opplevde ein fin ballanse mellom gitar-, orgelmusikken og song, og det var artig å høyre at dei to briljerte på sine instrument og formeleg fylte kyrkjerommet med lyd og klang når vi fekk fullt pådrag med dei to instrumenta. Men det var også sarte tonar innimellom, og dei klarte like så godt å få fram detaljane i dette tonespekteret.

Programmet starta med folketonar frå Setesdal, og fortsette med Louis Armstrongs «What a Wonderful World»  og det gamle «Pausesignalet» som vi kjente frå radioen. Vidare var det både kulokkar og folketonar frå Gudbrandsdalen som vart skikkeleg «oppussa» og presentert i kyrkja, som for høvet var godt fylt med publikum under dagens konsert.

To stive timar heldt Reierrud og Kleive konserten i gang, og vart etterpå belønna av publikum med ståande applaus, og kvitterte omgåande med eit ekstranummer.