Her var det også innslag med strykarar frå kulturskulane i Sunndal og Indre Nordmøre som opptredde med eit fellesprosjekt. Dei vart akkompagnert av Erik Moen på Gitar og Trond Larsen på kontrabass.

Dei spela ei pariserpolka etter Geir Larsen og «Juniorvalsen» etter Gjermund Larsen, og var under musikalsk leiing av Synnøve Hammervold.

Vidare var det eit innslag med «Give Me 5», der Anne Kleivset og Torgeir Bitnes saman med ei tropp med 5.-klassingar. Med  «No vil vi søng» og fekk i tillegg være med og avslutte programmet i eit samspel med Engegårdskvartetten og Henning Sommerro, og «Såg du noko te kjerringa mi» stod på programmet.

Engegårdskvartetten - som består av Arvid Engegård (fiolin), Alex Robson (fiolin), Juliet Jopling (bratsj) og Jan Clemens Carlsen (cello), spela to klassiske nummer – Griegs E-mollkonsert og eit verk av den finske komponisten Olli Mustonen.