Som vanleg hadde Stangvikfestivalen ein tjuvstart i Todalen på torsdag kveld. Denne gongen var arrangementet i Todalen ungdomshus, og det var Unni Boksasp Ensemble som sørga for ein skikkeleg og velregissert tjuvstart med godt over hundre tilhøyrarar.

Opus 72107 er basert på den musikalske arven etter Edvard Grieg og spelemannen Knut Dahle frå Telemark, og vi fekk ei ein historisk og musikalsk rundtur basert på 17 slåttar etter tradisjonsberaren Knut Dahle. Det vart aldri noko møte mellom Grieg og Dahle, men det vart det derimot med Johan Halvorsen i Kristiania som fekk tagna ned notane før det var for seint.

Unni Boksasp Ensemble tolka dette bra, og forteljinga og musikken i kombinasjon som denne gongen var prega av notida, gjorde at dette vart veldig godt motteke av publikum.  Dette bekreftar også kvifor ensemblet har motteke fleire prisar for musikken sin.

Unni Boksasp Ensemble består av dei fem musikarane Trygve Brøske på vokal og zitter, Guro Kvifte Nesheim, feler, Magne Vestrum, kontrabass, Håkon Mjåset Johansen, perkusjon og sjefen sjølv Unni Boksasp med vokal og zitter.