Sunndal J16 1 er klare for Norway Cup-semifinale etter at dei ved lunsjtider fredag regelrett knuste Hødd 5-0 i kvartfinalen.

Allereie frå start av tok sunndalingane initiativet i kampen, og det var fortent då Stine Østby sette inn 1-0. Då Eivor Ulvund la på til 2-0 såg det verkeleg lyst ut med tanke på avansement, og leiinga stod seg til pause.

Målfest

Utover i andre omgang vart sunndalsdominansen berre større og større. Eivor Ulvund sette inn 3-0, før Hanna Bråten Gravem og Malin Birkestøl sørgde for 4-0 og 5-0.

Berre ein god Hødd-keeper hindra at sunnmøringane rauk på eit endå større tap, og med 5-0-seier er Sunndal no klare for semifinale mot Nittedal!

Nittedal vann gruppa til Surnadal i det innleiande puljespelet, og er eit fysisk sterkt lag, der fleire av spelarane var med på å vinne Norway Cup for J14 i fjor.

Semifinalen spelast på Ekeberg 6 klokka 17.00 fredag. I den andre semifinalen møtast Fjellhamar, som Sunndal slo 2-1 i gruppespelet, og Åsane.

Tap for Surnadal

Åsane drog nemleg det lengste strået i kvartfinalen mot Surnadal.

Den kampen gjekk samtidig med Sunndal-Hødd, og det vart tidleg tydeleg at det er ein grunn til at Åsane framleis ikkje har sluppe inn mål i årets Norway Cup.

Bergensarane var eit svært solid lag, mellom anna med tre spelarar som spelar regelmessig i 1. divisjon kvinner.

Likevel var det Surnadal som kom nærast scoring i første halvdel av første omgang, då Hedda Aasbø traff tverrliggaren. Med 50 sekund igjen av første omgang gjekk så Åsane opp i leiinga, slik at det stod 1-0 til dei oransje og svarte ved pause.

Surnadal kjempa heroisk, men Åsane heldt overtaket og i den andre omgangen.

Med 2-0 og 3-0 etter dødball vart oppgåva for tøff for dei blåkledde frå Syltøran, medan Åsane altså skal møte Fjellhamar i semifinalen.