Premiere for notatboka til Magny

Det var søstrene Jenny og Ingrid som laurdag presenterte notat- og diktboka som søstera Magny Kjølstad hadde ideen til.
abonnent

Magny gjekk bort så alt for tidleg i 2016 - berre 48 år gamal.  Men ho rakk å skrive mange dikt, og hadde klekt ut ideen til å lage ei notatbok, der ho kunne publisere dikta ho hadde skrive. - Venner og familie har teke på seg å realisere dette bokprosjektet, og no er boka her. Boka vart presentert under laurdagens bokslepp i Kaffekroken på Matkroken i Todalen.