Barnas Kyrkjekveld i Åsskard

Torsdag 16. februar er det kyrkjekveld for aldersgruppa 5-7 år i Åsskard kyrkje.
Kultur

Dette er i samband med at 6-åringane får tildelt «Kyrkjebok» på gudstenesta komande søndag. Kyrkjekvelden blir leia av trusopplærar Elsa Jensvold, og prest Torbjørn Brøske deltek saman med soknerådet. På programmet er det mange aktiviteter for dei innbedne barna – og mat til slutt.