Kleivaprisen til dirigent Einar Sødergren

– Overraska og glad

– Dette har ikkje vore i tankane mine, sa ein fullstendig overrumpla prisvinnar, Einar Sødergren.

Overraska prisvinnar: - Ein overraska men glad Einar Sødergren samen med prisutdelar Jon Aasen og ordførar Lilly Gunn Nyheim.  Foto: Sigmund Tjelle

Kultur

Surnadalsordførar Lilly Gunn Nyheim hadde engasjert fylkesordførar Jon Aasen til å dele ut årets Kleivapris under laurdagens Kleivakveld. Aasen deltok i Drivadebatten tidlegare på dagen, og var ikkje vanskeleg å be da han fekk spørsmål om å vere prisutdelar.


Aasen viste i talen til at årets Kleivaprisvinnar blir kalla for eit multitalent og har lagt ned ein enorm innsats innan kulturlivet i Surnadal, gjennom mange år.


– Den aller første Kleivaprisen ar det Henning Sommerro som fekk for tjue år sidan. Hans Hyldbakk var klar i sin tale når det gjaldt kven som kunne få prisen; ”Formålet med Kleivafondet er å fremja kulturelle og lokalhistoriske formål innanfor kommunen, unntatt fotball og stjerneidrett.

– Gjennom dei 20 tildelingane så har Kleivafondet teke vare på disse verdiane; Kleivaprisen har ikkje gjort forskjell på «Jørgen Hattemaker og kong Salomon». Det har vore prisvinnarar, som Henning – som ofte er å finne fremst frampå scena. Vi har hatt dyktige organisatorar – som har lagt ned ei stor dugnadsinnsats innanfor kulturlivet. Vi har hatt musikarar, skodespelarar, forfattarar, profesjonelle og amatørar, «kulturslitarar» og kulturpersonlegdomar i ei glad blanding – i alle desse åra. Årets Kleivaprisvinnar blir kalle for eit multitalent og har lagt ned ein enorm innsats innan kulturlivet i Surnadal, gjennom mange år, sa Aasen som refererte til jyryen si begunning i sin tale.

– Med sin musikalitet ut over det vanlege, har Kleivaprisvinnaren bidrege med kunnskap og positiv innstilling i mange førestillingar, både som musikar på ulike instrument og som dirigent. Han set krav om kvalitet og høg standard i sitt virke innanfor kulturlivet.

– Kleivaprisvinnaren kan virke som ein stille og beskjeden mann – utanfor scena, men blir eit fyrverkeri når han handterer kor, korps og solistar samtidig.


Mange av dei som var til stades skjønna nok kven prisvinnaren var da Aasen fortsette: Kleivaprisvinnaren har hatt ei sentral rolle i mange suksessforestillingar, mellom anna i My Fair Lady, Sommer i Tyrol, Bør Børson, cABBAret og Huldredans. For tre år sidan, tok han initiativ til den første storforestillinga med korps, kor og band, – basert på film- og musikalperler, og no i vår vart det atter ei suksessforestilling på denne oppskrifta.

- Dei av dykk som er lokale, forstår at det er Hornmusikken sin dirigent Einar Sødergren som er årets Kleivaprisvinnar.


Prisvinnaren sjøl gav ekte uttrykk for at han var skikkeleg overraska:

– Eg veit nesten ikkje kva eg skal seie. Er nestan lamslått, men er sjølvsagt «kjøle» glad. Dette tyder på at det er nokon som set pris på arbeidet eg legg ned. Musikk er mi oppgåve. Eg veit eg til tider kan bli engasjert, og skulle det vere noko som føler at eg har vore vel tøff, så må vel dette vere høvet til å be om orsaking.Eg håper folk også framover vil vere med på ulike arrangement framover, sa ein smilande prisvinnar.

Han vart møtt med ståande applaus frå dei mange hundre som kosa seg på Kleiva laurdag kveld.