Leif Otto Frønes (66) er åfjordingen som har gjort surnadaling av seg. Han møtte kona Gro i Trondheim. Dei ønska begge å flytte ut av storbyen, og da det var ledig jobb som avdelingsleiar ved elektrisk avdeling ved daverande Surnadal Handelslag, takka Leif Otto ja. Det vart arbeidsplassen hans frå 1980 til 2017 da han pensjonerte seg.

Kultur har alltid hatt ein plass i hjertet til Leif Otto. Den 17. mai i fjor var det 55 år sidan han første gongen spela i musikkorps. Da var det trompet som var instrumentet. I korpset i Surnadal har det vore Valthorn.

Den opphavlege fosningen har vore engasjert i lokalsamfunnet, og har vore med som hjelpar sidan starten av Vårsøghelga. Han synest den årlege kulturhelga er ein flott måte å profilere bygda på. Han var styreleiar for Laget Vårsøg også for nokre år sidan. Det var i utgangspunktet ikkje meininga med ein ny tørn no, men det var vanskeleg å finne nokon som hadde mulegheit til å ta over da Jostein Ansnes gav beskjed om at ville trekke seg før jul i fjor.

– Eg har sagt ja til å vere styreleiar til årets Vårsøghelg er vel i hamn. Framover spørst det kva forventningar og kva oppgåver som skal ligge til styreleiaren, seier Leif Otto – som ikkje heilt vil sjå bort frå at han kan halde fram i vervet ei tid.

Han skryt av dei andre styremedlemane og dei mange frivillige som trør til kvart år.

– Eit veldig viktig og nødvendig engasjement for å dra Vårsøghelga i hamn.

Kulturskolen for Indre Nordmøre rundar 20 år i år. Det blir stor forestilling med tidlegare elevar fredagskvelden i Billaget. Frønes seier han har stor respekt for det kulturskulen har fått til.

– Det har kome mange lokale stjerneskot derifrå!

Han peikar på at forløparen til kulturskulen var Musikkskulen for alle, som Ola Brøske i si tid var ansvarleg for.

Styreleiaren gler seg elles på mange flotte innslag under Vårsøghelga.

– Eg synest vi har fått til eit svært godt program. Det er all grunn til å gle seg på mykje.

Neste år rundar Vårsøghelga 25 år.

– Vi gler oss stort å markere jubileet. Håper er at vi kan få på plass ei ny sscene på Kleiva innan den tid.

Familien Frønes har hytte på Flatsetøya. Det er ein stad både han sjøl og resten av familien trivst.

– Flatsetøya er sin stad der vi koplar av med ulike gjeremål.