Vårsøghelga var eigentleg godt i gang då ho vart offisielt opna fredag kveld.

Då hadde vi allereie hatt barneframsyning med Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen, Henningtime for elevane på 8.- og 9. trinn ved ungdomsskolen og ein svært interessant Driva-debatt - blant anna med "nakenbildejeger" Mia Landsem som gav oss håp om at det faktisk nyttar å gjere noko for å kome uhumskheita til livs.

I foajeen i Surnadal kulturhus ønskte styreleiar i Vårsøg, Leif Otto Frønes, velkomen til Vårsøghelga 2018. Han minna om at det i år er 120 år sidan Hans Hyldbakk vart fødd, og opplyste litt om det som skal gå føre seg vidare i helga.

Fredag kveld er det feiring av 20 år med interkommunal kulturskole der "singer/songwriters" frå tre kommunar - Jo Sverre Sande frå Rindal, Hans Olav Settem frå Surnadal og Øyvind Weiseth frå Halsa får vist kva dei held på med.

Vi møter også songar Silje Botten frå Valsøybotn og performancekunstnar Sigrid Fivelstad frå Rindal - før vi får eit storslått gjensyn med Famntak.

Laurdagen startar med Torgdag, før vi blir nærare kjend med den indiske filosofen Baral i Kallastuå. Vi får boksøg med Svein Sæter i intervju med Ove Røsbak, før vi set kursen opp mot Kleiva og årets Kleivakveld.

Der møter vi Ove Røsbak igjen, sjølvsagt Henning Sommerro og John Pål Inderberg, Perikom Trio og countrystjerna Ida Jenshus.

Det blir sjølvsagt utdeling av Kleivapris og opplesing av Dikt frå Vårsøglandet, men eit høgdepunkt blir det nok å få høyre kva Surnadal hornmusikk har øvd inn saman med tubavirtuos Øystein Baadsvik.

Den same Baadsvik innleia også opninga av kunstutstilling fredag kveld med eit svært så rytmisk og virtuost tubastykke der han både song i munnstykket og spela samtidig. Ein må kunne litt om messingblås for å skjøne kva det har på seg å synge reint og spele reint samtidig.

Etter framføringa drog både tubaisten og styreleiar Frønes ned i Toneheim på seminar. Som nemnt får vi høyre resultatet på Kleiva laurdag kveld.

Etter Kleivakvelden kan vi delta på musikkquiz oppe på Gammelsamvirkelaget og med pianobar utover kvelden etterpå.

Vårsøgkunstnar Anne-Karin Furunes orienterte oss om kva teknikk ho brukar i sine gedigne og hypernaturalistiske svart-kvite portrett.

Det startar med eit stort, svart lerret som ho perforerer med store og små hol til ho sit att med resultatet vi kan sjå i Finstuå. Reint teknisk fungerar det som raster i eit avisbilde, men ho gjer jobben heilt manuelt.

- Bakgrunnen var ein kasse med gamle bilde vi fann i huset vi budde i på Stjørdal, fortel ho. Då kom ønsket om å kunne gjere desse små bilda i store format.

Så fekk vi også vite at pensjonert professor ved Kunstakademiet ved NTNU i Trondheim, Jon Arne Mogstad, var med og hjelpte ho i gang med denne teknikken.

- Eg hadde nett begynna som kunstlærar då Anne-Karin begynte som elev. Og sidan vart vi jo kolleger, fortel Mogstad.

Utstillinga blir ståande til over neste helg, for den som ikkje fekk med seg sjølve opninga.

Vårsøghelga held fram på søndag med kyrkjekonsert og Blå Koral med Iver Kleive og Knut Reiersrud, før helga avsluttast i Svinvika Arboret med klassisk konsert med Engegårdkvartetten som gjev oss verk av Olli Mustonen og Edvard Grieg.

I konserten møter vi også Henning Sommerro og Anne Kleivset med femteklassingane i "Give me 5"-prosjektet.

Og så får vi litt gammaldans med Synnøve Hammervold sine fiolinelevar ved kulturskolane både på Indre Nordmøre og i Sunndal. Dei blir akkompagnerte av svært så rutinerte Trond Larsen på bass og Erik Moen på gitar.