Tittelen er henta frå eitt av dikta, og seier mykje om forfattaren. Det går opp og ned og hit og dit i livet, men han greier å finne djupt originale ord og vendingar undervegs.

Lars Bråten har skrive dikt gjennom eit par tiår. Mange av dikta er korte, nokre er lange, ein del er på rim, andre er frie vers, ein god del er mørke, andre skin som sola. Her finst knallharde meiningar og vakker natur, her er svart sinne og mjuk kjærleik.

Spennet er vidt og stort. Men dei fleste dikta rommar signal om at forfattaren har hatt sitt å stri med. Lars Bråten er bipolar. Det har gitt han erfaringar som ingen andre har. Derfor kan han skrive dikt om «bipolharen» så både latteren og tåra blir truverdig.

Fredagens diktkveld i Landgangen på Fugelvåg camping hadde også tonefølgje, av forfattaren sjølv og Dag Runar Sylte. Lars Bråten har sett musikk til fleire av dikta. Det same har Dag Runar Sylte, og dei ønskjer å utvikle dette samarbeidet vidare.

I fjor gav Sylte ut den fine cd-en «Vårlengt» bygd på dikta til oldemor Gjertrud Ulvund, så dette blir det andre ålvundfjordprosjektet hans på rappen.

Lars Bråten har ein vaksen bunke ark i handa.

– Det blir enklare å lesa dikt frå ei bok, seier han. Og avslører at nettopp det er ambisjonen: å gi ut ein del av dikta i bokform i løpet av hausten. I dette arbeidet får han hjelp av fredagens programleiar, Nils Ulvund.

Det hørest at Lars Bråten har skrive ei stund. Han har utvikla si eiga stemme, og eit mot til å gå rett på. Han tør å skrive setninga heilt ut, også når orda blir så harde eller ærlege at dei røskar i både forfattaren og lesaren.