Båtliv og fiske, opne kafear, kyrkjehistorisk cruise med sundbåten «Framnæs» og avsluttande museumstreff står på ein rikhaldig meny.

«Framnæs» går frå Kristiansund om morgonen - stort sett i kjølvatnet av fjordadampane på 1900-talet. Passasjerar kan bli med frå byen - eller frå Halsanausta.

Sentrum utover dagen er Ilabukta på Bølandet. Her er Saga samlingspunkt - med enkel kafeteria. Og her blir fritidsflåten utfordra til å ta sjøen i bruk og gjenskape bygda sine stolte sjøbrukstradisjonar. Alle bør prøve pilken eller anna fiskesnøre. Arrangøren lovar premiering av all framvist fangst.

Kyrkjebåten «Hjelmkonnå» får selskap av den ærverdige «Fosnabåten» frå Heggem. Bygd av legendariske «Ola Sakså», visstnok for 140 år sia, er klenodiet i sommar utlånt til Bøfjorden Historielag – mellom anna for å kaste glans over denne Fjorddagen. Begge båtane inviterer roarar – vante som uvante – og lovar fine opplevingar på fjorden.

«Framnæs» byr på guida fjordcruise – med servering - i vakkert historisk landskap. Her gir Bernt Bøe glimt av både landskap, sjøliv og kyrkjefart i gamle dagar – ispedd fakta og anekdoter frå si nye bok om Stor-Stangvikgjeldet og Åsskard-kyrkja.

Og: Bli ikkje overraska om også sundbåten «Rapp» blir ein del av flåten! Den gjestar nemleg Bøfjorden i anna ærend og vil sikkert bli godt synleg blant andre båtar. Det ligg verkeleg an til liv og røre langs strendene denne søndagen!

Coop Marked og restauranten Elvanesset har ope. Avslutning på Fjorddagen blir ei kort samling over kaffekoppen på Sjøbruksmuseet. Der røpar skipsingeniør Einar Sæter hemmelegheta bak dei merkeleg halvmodellane på veggen – som i si tid var utgangspunkt for bygging av prektige seglskuter og havgåande dampfarty.

Museet er elles ope og serverer kaffe heile søndagen – som vanleg.