Organisten og lokalhistorikaren Bernt Idar Gudrunson Bøe (71) i Bøfjorden medgjev at han både er spent og litt forventningsfull på mottakinga av boka som nyleg er utgjeve. I over førti år han han samla lokalhistorie frå nærmiljøet sitt. Eit resultat er «Kyrkja i Åsskard» med undertittelen «med historikk frå Storstangvikgjeldet.» Her tek han lesarane med på ei reise som først og fremst fortel om folk og historier i tilknyting til kyrkjehistoria.

Første del av boka tek for seg historia frå den tida Stangvik var det store prestegjeldet på Indre Nordmøre. Prestegjeldet omfatta bygdene i Halsa og det austlege Tingvoll, strekninga frå Bøfjorden til Bøverdalen, Surnadal, Rindal, Todalen, Ålvundfjorden og dei mellomliggande fjordområda.

Det var bokslepp under Jonsvaka, fredag 22. juni.

– Eg opplevde at boka vart godt motteken. Eg har teke med mykje frå innhaldet i jubileumsskriftet som Jon Snekvik laga til 100-årsjubileet til Åsskard kyrkje. Der omtalar Snekvik mellom anna førebuing og bygging av kyrkja. I boka som eg har skreve har eg ei omfattande utviding av jubileumsskriftet som Snekvik kom ut med i 1976.

Det er mange år sidan Åsskard sokneråd bad Bernt Bøe føre den lokale kyrkjehistoria vidare inn i ei ny tid. Det er omfattande kartlegging og eit omfattande arbeid som må gjerast før manuset er klart. Innspurten vart litt hemma av utfordringar med helsa.

– I fjor stoppa det opp litt på grunn av giktplager. Eg er heldigvis betre no.

Bernt Bøe er kjent som ei eldsjel utanom det vanlege. Han har skreve 12-13 lokalhistoriske bøker i tillegg til tallause artiklar. Mange av dei har hamna i spaltene i Driva.

–Det var eigentleg Einar Sæter som bidrog til at eg fortsette med å sende inn artiklar til avisene. I Driva vart dei fint presentert. Eg for rundt med bandopptakar og snakka med gamle folk i Bøfjorden. Mykje av dette vart artiklar som eg sende til avisa. Eg har og gjeve ut bøker med utgangspunkt i artiklar som har vore publisert i Driva.

Bernt er redaktør for «Gamle Nordmør», og brukar mykje tid på dei faste søndagane på Sjøbruksmuseet der dei er inne i sin 24. sesong i år. I Bøfjorden bur det i underkant av 300 personar. I fjor var det i snitt 55 besøkande på søndagane.

– Eg er pensjonist etter mange år som organist, men eg er framleis min eigen vikar, smiler han.

I boka «Kyrkja i Åsskard» skriv Bøe mykje om folket i tilknyting til kyrkja. Ikkje så mykje om kyrkjebygningane. Han går heilt attende til 1400-talet, og er innom hundreåra fram til i dag. Han har med fleire historier som krydrar innhaldet, og har fått dokumentert kyrkja si store samfunnsmessige betydning.

Det vart bygd fleire nye kyrkjer også på Nordmøre frå 1850 og utover.

– Det kom ein lov i 1851 som sa at kyrkja skulle vere så stor at den kunne romme ein tredel av befolkninga i soknet. Da vart det behov for å bygge på og utvide mange kyrkjer. Da Åsskard kyrkje skulle byggast vart det gått rundt med gåvelister. Det vart i tillegg tatt opp lån i Surnadal Sparebank.

Bernt Bøe håper folk sikrar seg eit eksemplar av boka som og er trykt opp både som hefte og som bok med stive permar.

–Eg skriv mykje om levde liv i boka som mellom anna fortel om tradisjonen med dugnad. Eg har rekna ut at berre gjennom dei førti åra eg har drive med kyrkjeleg arbeid har det vore lagt ned ein enorm dugnadsinnsats når det gjeld korsong. Dersom ein tek utgangspunkt i ein timesats på 200 kroner, er verdien av dugnadsinnsatsen når det gjeld kor ein stad mellom 15 og 20 millionar kroner.

– Eg skriv elles mykje om levd liv. Ei historie frå siste verdskrig handlar om at krigen sette sine spor også i Åsskard. Gunnar P. Bøe mista livet under slaget i Gratangen i 1940. Gunnar er heidra med ein bauta ved kyrkja. Meldinga om at Gunnar var drepen i krigen nådde heimbygda på konfirmasjonsdagen i 1940. Mellom konfirmantane var Ingebrigt, bror til Gunnar. Den vonde nyheita spreidde seg blant folket i kyrkja. Sjokket var stort for familien som så meiningslaust hadde mista ein bror, ein son, onkel og svoger. Kyrkjestaden vart dessutan boma i aprildagane 1940.

– Har Bernt Bøe andre historiske bøker på beddingen?

– Eg er spurt om å skrive fleire bøker framover, men har ingen konkrete planar no. Har alt liggande eit ferdig manus om Surnadal lærarlag som det er noko usikkert når kan trykkast.