«Vi kan no leva litegranna saktar» var eit av bodskapa i songtekstene til Gro Kjelleberg Solli som saman med Brann i Blått og Teger skapte ein klangfull og magisk konsert under Mardalsfossen sist laurdag.

Dette amfiet av ein katedral med den skummande kvite Mardalsfossen som bakteppe gjev tankar om livet som nettopp minner oss om at vi har alt å vinne på å senke tempoet littegrann.

Og det gjorde nok dei om lag 125 frammøtte som benka seg framom scena i Mardalen. Det var både solgløtt, opphald men også eit par korte lette regnbyger under konserten. Det gjorde absolutt ingenting!

I gruppa Brann i Blått har Gro Kjelleberg Solli med seg musikarane Unni Boksasp, Øystein Sandbukt og Torgeir Leivdal. Gro er også med i Teger i tillegg til Erik Fostervoll og Marit Aspaas.

Når alle desse 6 med gitar, fele, cello, lyre, sitter, trøorgel og song vart det klangfulle tonar, rytmar og folkemusikk som vi aldri før har høyrd i Mardalen. Ja nokon av publikum lét seg rive med og dansa.

Konserten opna med Bruremarsj og heldt fram med nokre av songane på den nye CD’n med tittelen «Stien eg fann». Blant anna Sull og lull, Stien og Naboens gyngestol. Den fleirstemte songen til Gro og Unni gjorde ekstra inntrykk. Når Øystein Sandbukt i tillegg får kassegitaren til å låte som funky bass blir det fullkomme.

Dei framførte 15 forskjellige songar pluss ekstranummer til ståande applaus.

Nye Molde kommune var også representert blant publikum gjennom Frivilligsentralane i Midsund, Molde og Nesset. Dei hadde eigen buss med til saman 20 personar som tok turen til Mardalsfossen og konserten.

Denne utgåva av Mardalskonserten var den femte i rekkja. Mange av publikum har deltatt på alle.

Vi trefte Fredrikke Vogt som fortel at saman med mannen Finn Hatrem har dei vore på 4 av konsertane.

– Vi har hytte i Osen ved Eikesdalsvatnet og bur store delar av året der. Området her med Eikesdal og Mardalsfossen er noko av det flottaste vi kan vise fram. Når det attpåtil er konsert under fossen skulle det berre mangle at vi ikkje vil delta. Rett og slett magisk og ei fantastisk oppleving.