Det er ein anerkjent kunstnar som har vore på besøk i Sunndal dei siste vekene. Arpad Bari og kona flytta frå Ungarn til Tyskland i 1984 da kommuniststyret gjorde det svært vanskeleg for folk å få reise ut og inn av landet. Arpid Bari var allereie den gongen kjent i utlandet og fekk invitasjonar til å halde utstilling både frå USA, Tyskland, Ungarn og Frankrike.

I tillegg til å vere kunstar på høgt plan, er Bari utdanna lege. Han har mellom anna vore i arbeid for Legar utan grenser. Etter at han flytta til Tyskland har han jobba i ambulansetenesta som lege.

Det var under eit opphald i Eritrea han møtte ho som seinare vart kona hans.

– Kona har ei søster som bur i Sunndal. Det er henne eg, kona og den eine guten vår er på besøk hos. Medan vi har vore her, har eg måla ein del bilde med utgangspunkt i lokale motiv både frå Sunndal og frå Nord-Norge, fortel Arpad.

Han har vorte kjent med menneskevenen Nils Ulvund under opphaldet i Sunndal. Dei møttes i eit privat selskap.

– Då eg høyrde at Bari var kunstnar fekk eg lyst til å hjelpe han med å få til ei utstilling i Galleri Barbara. Eg kontakta Marianne Høydal Furu og fekk til ein avtale. Utstillinga opnar torsdag kveld. Vi har fått Lina Engelsrud til å opne utstillinga, fortel Ulvund.

Målmannen har mellom anna hjelpt Bari med å oversetje brosjyrar frå tysk til norsk, og gler seg stort på utstillinga der kunstnaren stiller ut 32 bilde.

– Motiva er både flotte og artige. Eg trur dei som kjem for å sjå blir begeistra.

Bari sjøl viser til at han har måla inn artige motiv av både menneske og dyr.

– Velkommen til utstilling, seier Arpad Bari.