Nye Molde kommune lyste ut «bli kjent midlar», og Åshild Heggdal Lyster i Otterøene revylag tok initiativ til eit samarbeid mellom revylaga våren 2018. Eidsvåg ungdomslag hadde da nylig vist revyen: «Gift men ikkje fanatisk», Otterøen revylag hadde óg nyleg hatt revy og Molde revyselskap som hadde hatt pause eit par år såg ei god mulighet til å komme i gang igjen seier Ingrid Hamre. Med tilskot frå Nye Molde blir det forestillingar i alle tre kommunane.

– Ein del av nummera er gjenbruk med tilpasning og justering men det er óg nye tekstar og sangar. Det blir sjølvsagt gjensyn med kjende figuar og aktuelle saker frå alle dei tre kommunane og ingen som stikk fram hodet kan vere trygge for å bli parodiert, seier Bjørn Ølander i Eidsvåg ungdomslag.

André Gussiås har ansvaret for musikken og har satt saman eit dreamteam revyorkester frå alle tre kommunane.

– Vi har hat t fleire planleggingsmøte der medlemmar frå alle revylaga har vore med seier Bjørn Ølander frå Eidsvåg UL som har fått regiansvaret for forestillinga. Det er planlagd ei lang øvingshelg før det blir premiére på Molde kulturskole onsdag 19. september. Fredag 21. september er det forestilling på Bergtun i Eidsvågen og Lørdag 22. september er det to forestillingar på Bygdheim i Midsund. Billettane er lagt ut på Hoopla og det blir berre desse fire forestillingane så her er det førstemann til mølla.

-Kan det vere aktuellt å samarbeide vidare etter samanslåinga til Nye Molde kommune i 2020?

Det kan det sikkert vere, men eg trur i alle fall at Eidsvåg ungdomslag vil lage eigne revyar og teateroppsettingar i lang tid framover. Vi har faktisk det luksusproblemet at det er mange som gjerne vil vere med og det er ikkje alltid nok roller. Eg trur heller at vi skal satse på å besøke kvarandre og sjå forestillingane eller kanskje vi kan få til turnear? For lenge sia hadde vi Amatørteaterfestival i samarbeid med Teatret Våret. Kanskje det kan takast opp igjen, seier Ølander.