Skapte Vømmølfest på Bergtun

Eidsvåg ungdomslag leverte ei flott premiere på oppsettinga av Vømmølspelet laurdag kveld. Gode skodespelarprestasjonar ispedd kjente og kjære viser frå Vømmøldalen sette folk i god nostalgisk Vømmøl-stemning.

Dette er det vel verdt å bruke eit par kveldstimar på. Underhaldningsverdien er stor

Kultur

Hans Rotmo sine viser var spesielt populære på 70-talet. Frå Vømmøl Spellmannslag kom den eine etter den andre visa, oftast med ein politisk undertone. Kven hugsar vel ikkje viser som "Peder og Hamarforsens brus", "Høvlerivisa" og "Førarkortet." Rotmo har sett saman eit musikkspel med utgangspunkt i dei mange store slagerane han har laga.