"Hørkelgadda" imponerte med språk og musikk:

– Dialekt er eit tøyeleg begrep

Dei to tidlegare "Hørkelgaddan" Tor Erik Jenstad og Helge Husby drog stappfullt sauefjøs da Romsdalsmuseet inviterte til dialektkveld på Nesset prestegard onsdag kveld.

"Gokara": Helge Husby og Tor Erik Jenstad underheldt med både tonar og ord i sauefjøset på Nesset prestegard.  Foto: Sigmund Tjelle

Kultur

Det vart eit humoristisk møte med både kortskallar, langskallar, og ulike dialekter på prestegarden denne kvelden. Tek ein med at det heile var ispedd vals ,reinlender og masurka på trekkspel og fele, er det lett å konstatere at stemninga var god.